Eg gjekk no berre eit lite stykke ned i Fonnavegen før eg gjekk inn att i ei av gatene, Eg har funne ut at den ruta eg går kan likne på Vernet, den er i alle fall ikkje kortare. Og eg er glad for at eg greier å komme meg ut og gå, no når eg er så plaga med handa, det er ikkje mykje ef får gjort inne.
I morgon er det trening igjen og fysioterapeuten skal sjå på handa mi. Handa er ikkje så verst, berre eg ikkje brukar den noko særleg. Skrive på maskina det greier eg, og eg greier å lage mat. I dag vart det den siste FJORLAND; fiskekaker med poteter og gulrot- pure , ikkje det heilt store, men det gjekk ned, hadde att litt dessert frå i går også.
Eg skulle prøve å støvsuge litt, men eg gav fort opp. Men det beste er at eg ikkje har låkt når eg held handa i ro- eg kan i alle fall ikkje strikke, og det er det eg har lyst til.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar