Klokka er no17.35, temperaturen ute er minus 9 grader, og det er klart og fint ,eg likar ikkje kulde, men eg har det varmt og godt inne, så eg kan ikkje klage. Eg har varmepumpa på heile døgnet, men må fyre i omnen i tillegg.Og ved har eg også.
I dag har eg vore her åleine heile dagen, men eg gjekk ein liten tur før middag; då gjekk eg opp Storebakken for å komme opp i sola. Eg hadde sola ei god stund i stova på føremiddagen, og då fekk eg sjå kor vindua såg ut; eg pussa dei før jul ein gong. I dag morgon /føremiddag hadde eg sol i stova ei god stund.
Einar handla til meg då han var her på fredag. Mellom anna hadde han kjøpt ferdig middag frå Fjorland, han og eg åt kjøttkaker den dagen. Det var berre å ha alt på tallerkenen og så inn i mikrobølgeovnen i 6 minutt. Det var sånn passeleg godt, men eg er ikkje så kresen. Så hadde han kjøpt svinesteik som eg skulle ha i dag-og det hadde eg . Kva skal eg seie? Godt etande men ikkje så veldig godt. Eg er glad i brun saus, men eg vil helst lage den sjølv slik at eg får den slik eg likar den. Viss eg ikje har solbærsaft i sausen, så er den ikkje god nok. Men det var artig å prøve Fjorland for det ghar eg aldri gjort før.
Eg hadde dessert også, for i går hadde eg laga risgraut fordi eg skulle bruke opp melka som eg hadde kjøpt før den gjekk ut på dato. der vart mykje graut att, og det var planlagt for eg hadde fløte også og Piano bringebærsaus, og den er no god. Det vart eit voldsomt måltid for meg i dag, men det er ikkje så ofte eg lagar så mykje mat til meg sjølv.
Eg har ikkje så vondt i handa heile tida, men når eg står opp om morgonen må eg kna fingrane ei lang stund, før handa blir brukande, Fysioterapeuten ville sjå på handa når eg kjem på trening tysdag. Eg forstår ikkje kva det kan vere, det verker no ikkje så mykje heller. No skal eg ha meg ein kaffikopp, og så skal eg sjå om TV-en virkar som den skal.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar