I dag har det vore ein dag litt ut om det vanlege for meg, det har til dømes vore sol ei lang stund, men då var eg ikkje her heile tida. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig med "morgonstellet" var at eg køyrde bort i Furene og henta pakken frå Rasmus. Den var litt større og tyngre enn eg hadde forventa, men eg greidde fint å bere den ut i bilen sjølv. Det var berre det at eg syntest at ein ung, sterk mann som ekspederte meg kunne tenkt seg å bere ut pakken for meg. Hadde han vore utlending hadde han gjort det. Eg køyrde beine vegen heim, for eg hadde tekt meg på "Allsong for eldre" på Bakk-Ola. Dei har endeleg kome i gang litt på "eldresenteret" etter at det har vore stengt minst 1år.
Det var Janne som skulle vere forsangar og lede møtet, og Marit skulle vere med.Eg kunne ha sete på med dei, men eg valde å køyre sjølv i tilfelle eg fann ut at det var noko meir eg skulle gjere.
På Bakkola vart eg sittande i lag med Brita og Marit, vi tre var i lag på treninga også. Brita er frå Olden og Marit har kjent henne lenge. Eg lurte på om Marit greidde å vere der så lenge og det gjorde ho. Janne var veldig flink, ho song og spelte sjølv og til allsongen, det varte ca 2 timar eller meir. Der var mykje gammalt folk og mange kjende eg no, men eg kjende vel ikkje att så mange.
Der var ope i kafeen så vi fekk kjøpt oss mat og kaffi. Eg har liksom kome utanfor alt og alle sidan eg ikkje går så ofte på pensjonistmøte lenger. Eg synest ikkje det er kjekt å fare på Rjåneset på møte. No synest eg at eg er altfor lite i lag med folk, eg har no treninga, men der er vi ikkje så mange.
Etter at eg kom heim att laga eg meg litt mat før eg sette meg inn til TV-en. Der var TRUMP sjølvsagt, og med mange "gode" planar for alle land, han skal fikse det meste og mykje har han alt gjort. FOR ein type, men no er eg ikkje så redd han lenger.
No har eg sett på ein klesvask, men her er rotete og her trengst både vask og støvsuging, eg får sjå kva eg får til i morgon og fredag, i dag har eg sett på ein klesvask. Det er litt husarbeid som må til sjølv om eg bur åleine. Det er den vonde armen som gjer at eg ikkje har halde så god orden, og armen blir visst ikkje så mykje betre etter kvart-ja, kven veit.
Eg har ikkje pakka ut printeren, tenkte å få med meg Helge eller Erlend eller begge to, så eg ikkje gjer noko gale.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar