I dag var eg på trening igjen og så handla eg på heimvegen. Etter at eg hadde fått meg litt mat sette eg igang med husarbeid, eg ville prøve kva handa mi tolte så eg sette i gang og fekk vaska skikkeleg på kjøkken og bad. Så sette eg i gang med å støvsuge, men eg tok ein pause og var opp til Marit ei stund.
Ei lita stund etter at eg var heime, kom Helge. Eg er letta fordi printeren er komen på plass og virkar, eg var litt skeptisk for den såg så invikla ut. Den gamle var så enkel- Men sjølv om eg no har ein brukbar printer treng eg sikkert mykje hjelp for å kunne bruke den, Heldigvis har eg folk eg kan spørje. Men i kveld altså skal eg gå inn på Møre-Nytt og hente ut to sudokuar og kanskje løyse dei. Apropos Møre-Nytt, så har eg fått høyre at der er bilde av meg. På Songstunda i går sat eg tett attmed Janne og instrumentet hennar, for så sat eg rett fram for Marit. Det er derfor eg er på bildet. Eg har ikkje sett det sjølv og vil helst ikkje sjå det. Eg likar ikkje å sjå bilde av meg sjølv.
No såg eg at temperaturen ute er minus 4 graderC .Det var veldig fint ute i dag,sola var her ikkje så lenge etter at eg kom heim på føremiddagen, men så kom den tilbake seinare ei lita stund i alle fall. Det er fjella som bestemmer kven som skal få sol og kor lenge, så det kan vi ikkje gjere noko med.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar