Klokka er no 17.52, temperaturen ute er minus 7 graderC, og det har vore ein findag, med sol frå nesten klår himmel . Eg vakna veldig seint i dag, eg brukar å vakne tidleg, Så føremiddagen vart ikkje så lang, men eg rakk no å gå ein runde her på Vallabøen , og etterpå ta ein tur til Marit, før eg laga middag. Og i dag hadde eg litt av eit måltid, for naboen kom med heimelaga fiskekaker til meg. Det smakte godt og eg har nok til i morgon også.
Etter at eg hadde ete og rydda opp att, og kveikt i omnen, sette eg på TV. Men eg ville lage kaffi då eg gjekk ut på kjøkkenet. Der fekk eg ein mistanke om at der var ein vannlekkasje i kjøkkenbenken, der alle rør og leidningar går til vaskane og til oppvaskmaskina. Eg har undersøkt kvar lekkasjen kan vere men har ikkje funne det ut enno, eg må kanskje stenge av vatnet viss det er mykje som lek ut. Skal tru om eg må ha rørlegger igjen eller om det er noko eg kan gjere sjølv.(Det er vel lite sannsynleg) men eg leiter med lys og lykter for å finne ut kvar det lek. Veldig kjekt - og slikt skjer vel helst om kvelden når rørleggerane ikkje er på jobb. Eg syntest eg hadde hatt ein kjekk dag, heilt til dette hende.
PS: eg finn ikkje lekkasje på røra, så det kjem an på om det har med oppvaskmaskina å gjere, det kan eg sjekke i morgon.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar