Denne rosa fekk eg av Einar til fødselsdagen min i fjor-det var i mars. Eg hadde tenkt å flytte den ut i beddet, men det vart aldri gjort, så den har overvintra inne, og no blømer den. Den får no vere inne til våren kjem for fullt..Der er nokre mørke blad på den, men det er nye blad -ikkje visne.
Klokka er no16.20, Temperaturen ute er minus 3 graderC, og det er klårt og fint. Lenge hadde vi sola her, men no er det slutt for i dag. Eg sit her og ergrer meg over at eg ikkje var ute og gjekk tur i sola i dag også, men eg var så trøtt fordi eg vakna så tidleg i dag. Eg var på trening frå 10-11, og då eg kom heim att var eg så trøtt at eg orka ingen ting. No angrar eg på alt eg ikkje har gjort i dag.
Det er for seint å gå tur no, men så får eg gjere litt husarbeid i dag, slik at eg er fri i morgon, Kanskje.
Eg hadde nok att frå middagen i går , så eg hadde mat i dag også. Eg hadde sjølvsagt ikkje handla i dag heller ,men det kjem vel ein dag i morgon også. Eg burde ha støvsuga teppegolva for det har vore vanskeleg no når eg har vore låk i høgrehanda, men no skal eg prøve å ta handa i bruk igjen sjølv om det er litt vondt.
Ei eg går i lag med på trening skulle ete ballj på Bakk-Ola i dag, Nils og eg åt av og til middag der, men no må ein visst bestille på førehand. No er eg ikkje så veldig glad i ball, men det er ikkje ein rett som ein lagar når ein er åleine. Eg gjer det i alle fall ikkje. Det er no ikkje alltid like godt heller, og alle vil helst ha det på sin måte- og det vil eg også. No skal eg prøve om eg får til å støvsuge på stova, slik at eg slepp det i morgon.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar