Så fint og fredeleg er det her no
Klokka er no16.41,temperaturen ute er minus 12 graderC, eg var nettopp ute og såg etter, og eg tok nokre bilde. Då eg kom inn att såg eg at eg ikkje hadde sendt av garde bloggen i går. Men eg har sendt den no.
Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, det er to ting som set meg litt ut -det er kulden og Trump &Co Eg er redd for krig, panikk er vel rettare. Eg blir heilt skipla når dei begynner å snakke om krig, eg trudde folk etter kvart ville forstå at det ikkje er med krig ein løyser problem. Og Trump som ville ha fredsprisen, han er ikkje særleg fredeleg.
Eg prøver å halde meg litt borte frå TV-en, men det er heller ikkje så enkelt. I dag har eg vore heime åleine, stort sett, og konsentrert meg om å halde varmen. Sist natt låg eg her på datarommet mitt, fordi her er varmare enn på soverommet. Det gjekk fint, og eg har vore her mykje av dagen også, men eg har fyrt opp i stova og sett TV og laga middag etc. MIddagen var restar som eg varma opp. Det er ikkje så mykje eg får gjort når eg går med "bandasjert" høgrehand, Men det er godt å ha der noko- I morgon skal eg på trening igjen,så då skal eg få fysioterapeuten til å sjå på handa mi. Eg har salva den også, så eg har ikkje vondt eigentleg. Men det er ikkje alt eg kan gjere, kan for eksempel ikkje vaske så mykje. Det er no sytalaust når eg ikkje skal på jobb t.d. eg kan no gå her og tusle med ei låk hand utan at det går ut over andre. No kom eg på at eg må sette på ein klesvask, oppvasken er ferdig no og så skal eg fyre i stoveomnen og sjå TV resten av dagen, kanskje- Eg ønsker meg to ting: fred på jord og meir varme.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar