søndag, januar 18, 2026

Dagbok 2026: 18.januar

                                                           Øvst i Fonnavegen
 

Klokka er no 17.44, temperaturen ute er +3graderC , det er overskya , og kanskje regnar det litt.

Eg sov godt sist natt når eg endeleg sovna, eg søv så mykje betre no når eg ligg på datarommet, for her får eg vere heilt åleine. Eg sat ei stund og såg TV på føremiddagen , før eg tok på meg piggsko og gjekk ut ein tur. Det er kanskje litt tungt å gå med piggane ute, men ein gå så mykje tryggare. Eg gjekk opp Storebakken, som vanle, men då eg skulle gå ned Fonnavegen såg eg noko som eg ikkje såg sist eg gjekk der.

Nemleg at all skog mellom Fonnavegen og Mosmarka var borte så no vart der ei anna utsikt. Nils og eg snakka ofte om at skogen langs vegen der skulle vore fjerna meir og mindre, men no hadde dei fjerna nesten alt. Det eg lurer på no er om dei legg ut tomter til hus e.l. Men eg meiner der er fonnfare? 

Då eg kom heim laga eg meg litt mat før eg sette på TV. Eg likar ikkje å sjå nyheiter etc, for eg blir så sint og lei av TRUMP.

I dag kom eg til å tenkje på eit dikt om Napoleon, som også ville herske over alle andre. Bjørnson sit dikt slutta slik: "Med seier frå Moskva til Cartagena, han dør dog ensom på St.Helena " (Då var han berre 52år gammal). Trump er no snart 80, så han skulle ha fått betre vit. Han uttalte no sjølv at Biden var for gammal til å vere president då han var 80. Eg skulle ikkje gå å tenkje så mykje på Trump og Co, men så snart eg set på TV så er dei der. Og eg synest det er berre krig og elende over heile verda.

I dag fyller Håkon 32 år, trur eg det var.  Eg hugsar så godt då han blei fødd, for då hadde eg skule i idrettslaget sitt hus, fordi der var vass-skade på Velle skule. Så eg fekk vite onm fødselen i telefonen på kontoret på idrettshuset. Slike bagatellar kan ein hugse i årevis. Men det var veldig vinter det året med mykje snø og is. Det har vi ikkje hatt i år-ikkje enno i alle fall.

                                                        Frå Fonnavegen til Mosmarka



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 18.januar

                                                           Øvst i Fonnavegen   Klokka er no 17.44, temperaturen ute er +3graderC , det er ov...