Klokka er no 18.17, temperaturen ute er +6 graderC og i dag har det vore opplett vidt eg veit. Det var trening i dag, så då gjekk føremiddagen med, for etter treninga var eg på apoteket og kjøpte kalktablettar, det tek eg kvar dag, etter legens ordre.
Eg handla litt på butikken også, treng alltid litt mat. Det eg ikkje fann var kattamat til Lollo for no er eg lens; i går gav eg henne litt kvitost i staden, for det er noko av det beste ho veit.
Eg ligg framleis på datarommet om natta og det kjem eg til å halde på med vidare, for no har eg ikkje alle dei ekle draumane , men søv godt, godt og varmt er her også. Men eg angrar på at eg ikkje tok meg ein tur med pigg-skorne mine, for ettermiddagane er no bra lange no. Men eg var litt trøtt etter treninga.
Ut på ettermiddagen fann eg på å leite fram eit slags julebrød som eg laga til jul-og dermed åt eg altfor mykje. Eg hadde gløymt at eg skulle lage middag i dag, men no får det bli i morgon. Då er det fredag , men ikkje fredagsvask, for eg vaska mandag.
Eg har no på TV innimellom , vil helst ikkje sjå nyheiter, men eg gjer det likevel.Er alltid redd for kva Trump har funne på-og det er ikkje så lite.
Eg har ikkje høyrt frå Marit i dag, så eg veit enno ikkje om ho er heime eller på sjukehuset. Eg er litt spent på det.
Eg fekk to sekker ved med Erlend i går, han hadde fått gratis ved med ein han kjenner, og ville dele godene med meg. Tida går fort fram til helga, og då skal sola vere her om det er klårt. Den mørke vinteren er over. Eg har ikkje rydda jula heilt vekk, men det skal eg gjere i morgon. I dag fall eg for freistinga og kjøpte ein liten potteplante på butikken, St. Paulia mørk blå. Var litt lei av raudt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar