Snøen på trappa har smelta
Klokka er no 18.40. og eg likte ikkje det eg såg på termometeret på trappa, for det hadde gått ned på +2, -med andre ord, det har blitt kaldare. Eg syntest det var kaldt nok, for eg likar ikkje kulde.
I dag var eg på trening , eg trener det eg kan gjere utan å bruke høgre handa, for den er ikkje god, eg går med handledds -strikk eller kva eg skal kalle det og smør meg inn med salve. Kor lenge det skal vare veit eg ikkje. Men eg verker ikkje eller har noko anna plage med det.
Marit er framleis på sjukehuset , men ho kjem heim att i morgon.
Då eg køyrde heim frå treninga i dag svippa eg bort på gravplassen og såg etter korleis der såg ut- Der var mykje snø, så det var ikkje råd å pynte på noko. Det var nokon, eg hugsar ikkje kven, som sa at om vinteren når der låg snø skulle gravplassane få ligge i ro. Og det trur eg er det beste. Men eg kveikte no eit lite lys og sette att sidan eg hadde det med meg.
Her heime held eg meg mykje på datarommet for her blir det fort varmt og eg ligg her om natta også. Men i dag var det Mørenytt som eg las meir og mindre grundig "frå perm til perm",
Og så er det TV, eg må no følgje litt med kva som skjer i verda, berre dei ikkje snakkar for mykje om Trump. Det er trasig å ikkje få strikke, for eg er så vand med å "ha noko på hendene" som svigermor sa. Det er sikkert mykje nyttig eg kunne ha gjort, men vinteren og kulden gjer at eg ikkje er så aktiv.
Neste tysdag skal eg bort i Furene og hente den nye printeren min, som Rasmus har kjøpt for meg og sendt, då må eg vel invitere dei to hjelparane mine Erlend og Helge, så vi kan feire!!!! Det er ikkje sikkert eg har så mykje bruk for ein printer, men eg er vand med å ha, og den gamle fekk vi ikkje til å fikse lenger.
No er temperaturen ute gått ned på +1, så no er eg skeptisk. Men komande helg kan vi få sjå sola her viss det blir klårt, og Håkon har fødselsdag, dei to hendingane held i hop.
No skal eg ta opp klesvasken min som eg har i tørketrommelen i kjellaren så eg har no litt å gjere.
Varmt og koseleg inne.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar