søndag, januar 07, 2024

Dagbok 2024: 7.januar

Klokka er no 17.47, temperaturen ute på trappa er minus4 grader C, mildare i dag altså. Eg har ikkje vore ute i dag heller, men eg må vel snart komme meg ut på glattisen igjen. Hittil har eg vore veldig forsiktig. Så no er eg ein skikkeleg stue-gris, har ikkje gått tur på Vernet på aldri den tid.

Sist natt fekk eg ikkje til å sove før klokka var over 3, og dermed stod eg ikkje tidleg opp i dag heller. Det blir kanskje vanskeleg å gå over til normale vanar.

Då eg hadde vore oppe ei lita stund, gløymde eg at det var søndag, for då kom eg endeleg i gang med å rydde ut jula. Ferdig vart eg ikkje, men eg har fått nesten all julepynten ded i kjellaren. Det var ikkje ein heilt enkel jobb å få med seg alt ned kjellartrappa utan å dette-og med berre ei hand. Men eg kom i mål. Når ein har god tid,kan ein vere så forsiktig at ingenting gale skjer.  Eg har ein del å rydde vekk enno, men må kanskje vente til eg har ei ekstra hand. Og mykje anna står også på vent, etter at husmora har hatt sjukepermisjon. Å bryte ei hand rett før jul er ikkje å anbefale.Men alt går bra når ein har gode hjelparar.

I dag laga eg middag , det vart kylling med ris , grønnsaker og Mango Chuney, det er ein rett eg har ofte, fordi den erlett å lage og smakar godt-

Eg trur eg må haete for mykje siste tida, når ein ikkje kan gjere så mykje blir det ofte til at ein tek seg ein kaffikopp med noko attåt.

No må eg nok begynne å legge meg tidlegare og stå opp i skikkeleg til. Eg skal vere på sjukehuset kl.11 på tysdag, så eg må ordne meg med skyss i morgon, leite fram klede etc etc. Solveig formante meg om at handa kanskje ikkje vart heilt god med det samme, og det trur eg så gjerne.

For meg har denne tida meg broten hand vore nesten som ein ferie. Til vanleg har eg no ein god del å gjere, både heime og ute, to dagar i veka med trening t.d. Så veit eg ikkje om spanskurset held fram, og om det blir møte i pensjonistlaget-Og framfor alt har eg eit lass som skal på VØR; då eg datt og braut handa heldt eg på å lesse inn i bilen diverse som skulle på Renovasjon. Eg blir aldri arbeidslaus, heldigvis, og eg ser fram til å kunnestrikke igjen-






 

lørdag, januar 06, 2024

Dagbok 2024: 6.januar: Trettande dag jul /-Heilage tre kongars dag

 



Klokka er no 17.25, temperaturen ute er minus 10 grader -minst. Men det er fint ver og sola kjem stadig nærmare. Dagen i dag har gått så altfor fort, men kvelden blir vel lang nok. Eg sit her og irriterer meg over PC-en min. I går fekk eg endeleg til sist lagt inn eit bilde, men i dag er det berre rot igjen, Eg får lagt bilde inn, men ikkje tatt ut at,

I dag sov eg til klokka var halv 11, så nokon morgonfugl er eg i alle fall ikkje-heller ein natte-ravn. 

Solveig skreiv at ho og Øystein ville komme innom kl.13.30, og det gjorde dei, men då sat eg og såg TV som om ingen ting hadde hendt( Klokka gjekk fort). Solveig hadde med seg bollar som ho varma i steikomnen  og eg kokte kaffi. Øystein var også med, og i dag slapp han å moke snø. Solveig hadde handla til meg, eg sende handleliste på data, og vippsa pengane ho skulle ha. Eg var ikkje så lysten på å legge inn vipps, men no anbefaler eg alle andre(gamle) til å gjere det samme.Det er ei god oppfinning for beløp under 5tusen kroner.

Etter at dei fór blada eg gjennom "Familien"-blada som ho hadde med. Eg fantaserer om at eg ein dag skal klippe ut matoppskriftene og sette i ein perm. Men det blir liksom aldri tid til det Så har eg sett enda meir TV, eg finn alltid noko å sjå. Men eg ser fram til å kunne strikke igjen så eg slepp å sitte med hendene i fanget når eg ser TV.

Eg tek bort julepynten litt etter litt og i dag for stjerna i vinduet og juletreet på bordet. Eg hadde ikkje lyst å klatre i dag., så Øystein tok stjerna

No skal eg snart begynne å tenkje på middagsmat, for no har eg noko å lage den av. Men det hastar ikkje. 

Solveig advarte meg  å tru at eg kan gjere alt når eg får av gipsen. Eg blir ikkje heilt bra med ein gong. Sidan det er 60 år sidan eg braut hi handa hugsar eg ikkje så godt korleis det var. Ho som braut for to årsidan hugsar betre. Og der fann eg bildet mitt!


fredag, januar 05, 2024

Dagbok 2024: 5.januar


 I dag har eg problem med bilda eg har lasta inn-igjen, men det ordnar seg vel slutt. Det har no gjort det før når eg har kava lenge nok. Men eg hadde fine bilde med sol langt nedetter fjellsidene.Og bilda ligg på maskina, eg får dei berre ikkje ut.

Ute er det kaldt i dag, minus 10 grader, men det er vel ikkje det kaldaste i Norge akkurat no. Eg sov til klokka var nærmare 10 i dag også, og no roar eg ned i søvne så det er ikkje så dramatisk om nettene lenger. Handa er framleis vond, men mykje betre enn før-

I dag har eg vaska fredagsvask på kjøkken og bad -stort sett med ei hand.Litt av julepynten har eg tatt bort, men ikkje alt, for der er så ymse som skal ned ogopp i skap etc, og eg klatrar ikkje så mykje no når eg har berre ei hand. Eg laga ikkje skikkelegg middag i dag, men eg har no vit til å få i meg mat nok. Sjølv om det minkar på lageret mitt.

Eg har sjølvsagt på varmepumpa, men eg fyrer litt med ved også, for å få de skikkeleg varmt. Etter at eg hadde ete og fyrt i omnen sette eg meg i godstolen med pledd rundt meg og såg TV.

Eg saknar å ha strikketøy, for når eg strikkar GJER eg liksom noko til gagns når eg ser TV. Eg har ikkje så mykje å skriv om, det skjer lite her no, heldigvis, Men tysdag skal eg på sjukehuset igjen og då er eg spent på kva dei seier


Sjå der, no fekk eg ut bilda, dette har hendt før, at maskina treng timesvis for å komme opp med rett bilde.
Eg har så vidt vore utfor døra i dag , til postkassa og til tilbygget, men piggsko og stav.Sola nærmar seg dag for dag no, og rundt16.til 18. får vi sola inn glasa.

torsdag, januar 04, 2024

Dagbok 2024;4.januar

Klokkka er no 20.04 ,temperaturen ute er minus 9 grader C, men det er fint ver og opplett.Tidlegare i dag var det nesten sol, men ho kjem ikkje ned til husa  før den 17-18.januar.

No har eg nettopp vore oppe hos Marit. Svigersonen var med henne ned på ALTI der ho fekk handle medisin båre til seg sjølv og meg. Eg gjekk inn på Helse Norge og printa ut medisinlista mi, og den hadde ho med seg så ho fekk det eg skulle ha, utan problem.

Eg har gjort lite og ingenting i dag anna enn å sjå TV. Eg såg gravferda til Ole Paus og  så såg eg litt meir på ein serie som eg begynte på i går. Og så blir det litt dagsnytt innimellom, Litt mat har eg laga meg,  utvalet er ikkje så stort lenger, men det blir lenge før det er heilt tomt-eg har mange fryserar.

I dag henta VØR plast og papir og denne gongen tok dei med alt. 

Eg torer ikkje å gå så mykje ute, men med piggsko+stav kjem eg meg opp til Marit om ikkje anna. Eg kunne ha tatt ned sparken min som heng i tilbygget, men så er vegar og gater sanda.

No skal eg sjå litt TV igjen , eg begynte å sjå ein serie i går. Eg held meg på  NRK 1, for ikkje å rote det til igjen. Eg er veldig spent på korleis det går på tysdag nå eg skal fjerne gipsen. Sist natt sov eg godt utan å verke- til langt på dag. Men det er ikkje mykje eg kan gjere utan at eg kjenner det.
 

onsdag, januar 03, 2024

Dagbok 2024: 3.januar

Klokka er no 18,30, temperaturen ute går mot minus 10 grader ser det ut til, men inne merker eg ikkje kulden, merka ikkje noko då eg var opp om vegen ein tur heller, men då var eg vel så opptatt med å ikkje dette at eg kjende ikkje kulden.

 Eg gjkk med piggsko, men det er så hard is mange stader at piggane fer ikkje nedi.Men eg trur ikkje det er mange som har så fint moka tun som eg har. Eg har ikkje fått takka Geir enno. Det er no bra for henne som skal tidleg ut at ho slepp å moke i alle fall.

I dag trudde eg at eg skulle få gjort litt i huset, men venstrehanda er ikkje god, så eg må ta det med ro. Eg får ikkje gjort mykje før ho proteserer. Eg fekk ta oske ut or omnen og så støvsuga eg litt. Tenkte på å begynne å ta ut julepynten,men det vart ikkje i dag heller. Og eg trur ikkje naboane har gjort det heller. Ein ting er eg glad for i dag og det er at TV-en virkar som  den skal, no skal eg ikkje rote den til igjen-og eksperimentere.
I morgon skal Marit på trening, men ikkje eg. Marit skal på apoteket også, så ho skal kjøpe medisinar til meg også. Eg ville ikkje at ho skulle handle mat til meg, for eg må ete tomt før eg kjøper meir. Matlyst har eg alltid same korleis det er, det er no både godt og gale.
No kom eg på at det er den 4. i morgon og då er det bosshenting, eg får prøve å få ut dunkane i kveld i fall dei kjem tidleg i morgon. Eg har varsling på telefonen men det høyrer eg aldri, så det er godt å ha noko i hovudet også.

Bildet:Øystein moka så fint trappa og ved sidan av trappa der eg har to bossdunkar ståande. Neste veke skal dei tømmast og det hadde ikkje godt vel slik som der var før mokinga. Ja, eg bur åleine, men jammmen har eg mange hjelparar. Og takk for det.






 

tirsdag, januar 02, 2024

Dagbok 2024: 2.januar



                                    Jula varer heilt til påske-trur eg

Klokka er no 21.30, temperaturen ute er minus 3 grader og det er oppplett. Det hadde vore fint å gå tur i dag, men det er glatt overalt, og sjølv om eg har piggsko så er det ikkje trygt for det er så hardfrose.

I dag har eg gjort lite og ingenting, eller berre det som er heilt nødendig. Eg vaska ei maskin med ullklede, ein genser og mange lestepar. Det går heilt fint å vaske ullklede i maskina når ein brukar rette programmet.Eg sentrifugerer etterpå slik at det ikkje er så vått, det går også heilt fint.

Eg skulle nedi tilbygget og hente litt ved, eg hadde piggskorne på, men datt likevel litt då eg var nesten oppe. Det var ikkje noko fall å bry seg om , men eg slo frå meg å gå tur-

 Julaftan bala Øystein og eg med å få norsk tekst på norske program, for det brukar eg å ha.Vi fekk det til  omsider, men då brukte vi ein annan fjernkontroll. Det gjekk bra eit par dagar, men så vart det tull igjen. Og eg sende melding til Helge som kom nokre timar etterpå. Eg ville haTV-en slik som eg har brukt å ha den, og etter litt strev var det i orden, og eg kunne få sjå serien min. Men då nyheitene kom, var dei ikkje teksta. Eit kvart er det støtt, men no skal eg halde fingrane vekk og ikkje gjere det verre.(Men eg veit kva eg kan gjere!)

Denne dagen har vore særdeles sløv, og det klør i fingrane mine for å rydde jula ut, eg får gjere det langsomt. Eg har ikkje heilt fått med meg at vi er ferdig med nyttårsfeiringa. Det er framleis vondt i venstrehanda så eg må vere forsiktig-men eg forstår heller at eg har gått med gips i over 3 veker. Tida gå fort uansett-

mandag, januar 01, 2024

Dagbok 2024: 1.januar


                        Godt nytt år 2024

Klokka er no 20.24, temperaturen ute er så vidt under 0 grader C, og det er opplett. Slik kan vi gjerne ha det ei stund. Eg kom nettopp att frå kaffibesøk til naboen, eg gjekk med piggsko for sikkerheits skuld. og det gjekk fint. Trur eg må ut og gå litt i morgon, viss veret er like fint då.

I dag har eg berre lata meg , det er ikkje mykje eg kan få gjort, men eg held på å utforske TV-en min, der er meir å velje i enn det eg trudde. Så lagar eg meg litt mat av og til, og slik går dagane. Det er ikkje så mykje ein kan gjere med ei hand, men eg kan lese, sjå Tv etc. Det er sjeldan eg kjeder meg. 

Litt irriterande at eg ikkje kan bruke bilen enno, for så får eg ikkje farte så mykje, og det var sånn diverse eg kunne tenke meg å gjere. Men det kjem vel ein dag...........

Eg har ikkje sett nyheiter i dag, berre korte blink, så eg veit ikkje kva som skjer i verda. Det har vore eit krigersk år, det vi la bak oss. Eg håper at det nye året kan bringe fred, men eg tvilar.Men det er alltid lov å HÅPE .


Dagbok 20 26:10.ovember

  Klokka er no17.40, temperaturen ute  er +3 graderc C-og det regnar. Eg har faktisk ikkje vore ute for ei dør i dag. Eg har vore her heime ...