søndag, januar 07, 2024

Dagbok 2024: 7.januar

Klokka er no 17.47, temperaturen ute på trappa er minus4 grader C, mildare i dag altså. Eg har ikkje vore ute i dag heller, men eg må vel snart komme meg ut på glattisen igjen. Hittil har eg vore veldig forsiktig. Så no er eg ein skikkeleg stue-gris, har ikkje gått tur på Vernet på aldri den tid.

Sist natt fekk eg ikkje til å sove før klokka var over 3, og dermed stod eg ikkje tidleg opp i dag heller. Det blir kanskje vanskeleg å gå over til normale vanar.

Då eg hadde vore oppe ei lita stund, gløymde eg at det var søndag, for då kom eg endeleg i gang med å rydde ut jula. Ferdig vart eg ikkje, men eg har fått nesten all julepynten ded i kjellaren. Det var ikkje ein heilt enkel jobb å få med seg alt ned kjellartrappa utan å dette-og med berre ei hand. Men eg kom i mål. Når ein har god tid,kan ein vere så forsiktig at ingenting gale skjer.  Eg har ein del å rydde vekk enno, men må kanskje vente til eg har ei ekstra hand. Og mykje anna står også på vent, etter at husmora har hatt sjukepermisjon. Å bryte ei hand rett før jul er ikkje å anbefale.Men alt går bra når ein har gode hjelparar.

I dag laga eg middag , det vart kylling med ris , grønnsaker og Mango Chuney, det er ein rett eg har ofte, fordi den erlett å lage og smakar godt-

Eg trur eg må haete for mykje siste tida, når ein ikkje kan gjere så mykje blir det ofte til at ein tek seg ein kaffikopp med noko attåt.

No må eg nok begynne å legge meg tidlegare og stå opp i skikkeleg til. Eg skal vere på sjukehuset kl.11 på tysdag, så eg må ordne meg med skyss i morgon, leite fram klede etc etc. Solveig formante meg om at handa kanskje ikkje vart heilt god med det samme, og det trur eg så gjerne.

For meg har denne tida meg broten hand vore nesten som ein ferie. Til vanleg har eg no ein god del å gjere, både heime og ute, to dagar i veka med trening t.d. Så veit eg ikkje om spanskurset held fram, og om det blir møte i pensjonistlaget-Og framfor alt har eg eit lass som skal på VØR; då eg datt og braut handa heldt eg på å lesse inn i bilen diverse som skulle på Renovasjon. Eg blir aldri arbeidslaus, heldigvis, og eg ser fram til å kunnestrikke igjen-






 

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...