lørdag, januar 06, 2024

Dagbok 2024: 6.januar: Trettande dag jul /-Heilage tre kongars dag

 



Klokka er no 17.25, temperaturen ute er minus 10 grader -minst. Men det er fint ver og sola kjem stadig nærmare. Dagen i dag har gått så altfor fort, men kvelden blir vel lang nok. Eg sit her og irriterer meg over PC-en min. I går fekk eg endeleg til sist lagt inn eit bilde, men i dag er det berre rot igjen, Eg får lagt bilde inn, men ikkje tatt ut at,

I dag sov eg til klokka var halv 11, så nokon morgonfugl er eg i alle fall ikkje-heller ein natte-ravn. 

Solveig skreiv at ho og Øystein ville komme innom kl.13.30, og det gjorde dei, men då sat eg og såg TV som om ingen ting hadde hendt( Klokka gjekk fort). Solveig hadde med seg bollar som ho varma i steikomnen  og eg kokte kaffi. Øystein var også med, og i dag slapp han å moke snø. Solveig hadde handla til meg, eg sende handleliste på data, og vippsa pengane ho skulle ha. Eg var ikkje så lysten på å legge inn vipps, men no anbefaler eg alle andre(gamle) til å gjere det samme.Det er ei god oppfinning for beløp under 5tusen kroner.

Etter at dei fór blada eg gjennom "Familien"-blada som ho hadde med. Eg fantaserer om at eg ein dag skal klippe ut matoppskriftene og sette i ein perm. Men det blir liksom aldri tid til det Så har eg sett enda meir TV, eg finn alltid noko å sjå. Men eg ser fram til å kunne strikke igjen så eg slepp å sitte med hendene i fanget når eg ser TV.

Eg tek bort julepynten litt etter litt og i dag for stjerna i vinduet og juletreet på bordet. Eg hadde ikkje lyst å klatre i dag., så Øystein tok stjerna

No skal eg snart begynne å tenkje på middagsmat, for no har eg noko å lage den av. Men det hastar ikkje. 

Solveig advarte meg  å tru at eg kan gjere alt når eg får av gipsen. Eg blir ikkje heilt bra med ein gong. Sidan det er 60 år sidan eg braut hi handa hugsar eg ikkje så godt korleis det var. Ho som braut for to årsidan hugsar betre. Og der fann eg bildet mitt!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...