Jula varer heilt til påske-trur eg
Klokka er no 21.30, temperaturen ute er minus 3 grader og det er oppplett. Det hadde vore fint å gå tur i dag, men det er glatt overalt, og sjølv om eg har piggsko så er det ikkje trygt for det er så hardfrose.
I dag har eg gjort lite og ingenting, eller berre det som er heilt nødendig. Eg vaska ei maskin med ullklede, ein genser og mange lestepar. Det går heilt fint å vaske ullklede i maskina når ein brukar rette programmet.Eg sentrifugerer etterpå slik at det ikkje er så vått, det går også heilt fint.
Eg skulle nedi tilbygget og hente litt ved, eg hadde piggskorne på, men datt likevel litt då eg var nesten oppe. Det var ikkje noko fall å bry seg om , men eg slo frå meg å gå tur-
Julaftan bala Øystein og eg med å få norsk tekst på norske program, for det brukar eg å ha.Vi fekk det til omsider, men då brukte vi ein annan fjernkontroll. Det gjekk bra eit par dagar, men så vart det tull igjen. Og eg sende melding til Helge som kom nokre timar etterpå. Eg ville haTV-en slik som eg har brukt å ha den, og etter litt strev var det i orden, og eg kunne få sjå serien min. Men då nyheitene kom, var dei ikkje teksta. Eit kvart er det støtt, men no skal eg halde fingrane vekk og ikkje gjere det verre.(Men eg veit kva eg kan gjere!)
Denne dagen har vore særdeles sløv, og det klør i fingrane mine for å rydde jula ut, eg får gjere det langsomt. Eg har ikkje heilt fått med meg at vi er ferdig med nyttårsfeiringa. Det er framleis vondt i venstrehanda så eg må vere forsiktig-men eg forstår heller at eg har gått med gips i over 3 veker. Tida gå fort uansett-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar