Klokka er no 18,30, temperaturen ute går mot minus 10 grader ser det ut til, men inne merker eg ikkje kulden, merka ikkje noko då eg var opp om vegen ein tur heller, men då var eg vel så opptatt med å ikkje dette at eg kjende ikkje kulden.
Eg gjkk med piggsko, men det er så hard is mange stader at piggane fer ikkje nedi.Men eg trur ikkje det er mange som har så fint moka tun som eg har. Eg har ikkje fått takka Geir enno. Det er no bra for henne som skal tidleg ut at ho slepp å moke i alle fall.
I dag trudde eg at eg skulle få gjort litt i huset, men venstrehanda er ikkje god, så eg må ta det med ro. Eg får ikkje gjort mykje før ho proteserer. Eg fekk ta oske ut or omnen og så støvsuga eg litt. Tenkte på å begynne å ta ut julepynten,men det vart ikkje i dag heller. Og eg trur ikkje naboane har gjort det heller. Ein ting er eg glad for i dag og det er at TV-en virkar som den skal, no skal eg ikkje rote den til igjen-og eksperimentere.
I morgon skal Marit på trening, men ikkje eg. Marit skal på apoteket også, så ho skal kjøpe medisinar til meg også. Eg ville ikkje at ho skulle handle mat til meg, for eg må ete tomt før eg kjøper meir. Matlyst har eg alltid same korleis det er, det er no både godt og gale.
No kom eg på at det er den 4. i morgon og då er det bosshenting, eg får prøve å få ut dunkane i kveld i fall dei kjem tidleg i morgon. Eg har varsling på telefonen men det høyrer eg aldri, så det er godt å ha noko i hovudet også.
Bildet:Øystein moka så fint trappa og ved sidan av trappa der eg har to bossdunkar ståande. Neste veke skal dei tømmast og det hadde ikkje godt vel slik som der var før mokinga. Ja, eg bur åleine, men jammmen har eg mange hjelparar. Og takk for det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar