No har eg nettopp vore oppe hos Marit. Svigersonen var med henne ned på ALTI der ho fekk handle medisin båre til seg sjølv og meg. Eg gjekk inn på Helse Norge og printa ut medisinlista mi, og den hadde ho med seg så ho fekk det eg skulle ha, utan problem.
Eg har gjort lite og ingenting i dag anna enn å sjå TV. Eg såg gravferda til Ole Paus og så såg eg litt meir på ein serie som eg begynte på i går. Og så blir det litt dagsnytt innimellom, Litt mat har eg laga meg, utvalet er ikkje så stort lenger, men det blir lenge før det er heilt tomt-eg har mange fryserar.
I dag henta VØR plast og papir og denne gongen tok dei med alt.
Eg torer ikkje å gå så mykje ute, men med piggsko+stav kjem eg meg opp til Marit om ikkje anna. Eg kunne ha tatt ned sparken min som heng i tilbygget, men så er vegar og gater sanda.
No skal eg sjå litt TV igjen , eg begynte å sjå ein serie i går. Eg held meg på NRK 1, for ikkje å rote det til igjen. Eg er veldig spent på korleis det går på tysdag nå eg skal fjerne gipsen. Sist natt sov eg godt utan å verke- til langt på dag. Men det er ikkje mykje eg kan gjere utan at eg kjenner det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar