torsdag, desember 11, 2014

Dagbok 2014: 11.desember


Klokka er 21.00. Temperaturen er + 4 grader C og det er opplett akkurat no. Litt regn tidlegare i dag. Vi kom nettopp att frå førjulsfest på Folkestad skule. Det er alltid kjekt å vere der. Sidan skulen er såpass liten, får alle elevane vere med i programmet, og foreldre og besteforeldre fyller salen.Erlend var konferansier ei stund og så spela han piano. Amanda song duett i lag med ei anna jente, song i lag med ei større gruppe og dansa i lag med klassen sin. Det er veldig upretensiøst program, og publikum ler og klappar. Trur ikkje nokon er redde for å dumme seg ut. Så var der mat på fat, og "kollekt". Eg tok ikkje bilde, men det var nok av dei som filma med mobilane sine.Så kanskje Margrete legg noko ut på blogg og FB.
Ruth og Harald sat på med oss i bilen på ferja, sette att sin eigen på kaia. Tilbake var også Eirik med.
I dag vakna eg med veldig vond rygg, og eg har ikkje vore så bra i dag. håper det kjem seg att.Var visst litt for ivrig med strikkepinnane eit par kveldar. Men eg fekk no gjort ein "julejobb" i dag også. Steikte ein stor porsjon krumkaker som eg delte på oss og Margrete. Her er det sjelden vi et opp kakene våre.
Til middag åt vi ein porsjon av dei "mislykka " fiskekakene våre. Så blei det ei lita pause før vi drakk kaffi og gjorde oss klar til å ta 17.30 -ferja frå Volda. Men først var vi innom biblioteket, der eg henta nokre bøker som var lagt til sides til meg. Ein liten tur innom Amfi vart det også, eg måtte kjøpe meg litt smertestillande medisin, blant anna.


Då vi kom heim måtte eg ta bilde av snøen som ligg her hos oss. Verken i Volda eller på Folkestad var det snø, og ikkje på andre sida av fjorden her heller.

Her er bokfangsten frå i dag. Har reservert fleire bøker på biblio, som eg får etter kvart dei kjem inn. Eg er avhengig av lydbøker etter som eg blir dårlig i venstre auge når eg les for mykje på papir.

onsdag, desember 10, 2014

Bok nr.79 - 2014: Levende og døde i Winsford

Omtale: Levende og døde i Winsford
Håkan Nessers nyeste roman er en fortelling om avskjeder og nye begynnelser. En klassisk Nesser-fortelling der ubehaget ulmer og ingenting er slik det ser ut til å være.

En kveld i november ankommer en kvinne byen Winsford på Exmoor i sydvestre England. Hun bosetter seg i et avsidesliggende hus ute på heiene sammen med hunden sin. Hun oppgir ikke sitt egentlige navn, og hvorfor hun har ankommet, er høyst uklart. Hun bruker dagene til å vandre rundt i den tette tåken og snakke med villhester. Hun har bestemt seg for å overleve.hunden sin. Kvinnen har en fortid og en historie. Selvfølgelig har hun det. Men er det noen som leter etter henne? Og hva har hendt med mannen hennes? Er han i live? Hvem er han egentlig? Og hva skjedde i Marokko for tretti år siden?
Spørsmålene er mange i Håkan Nessers nyeste roman Levende og døde i Winsford, en fortelling om å flykte fra sitt gamle liv. Om å forsøke å ta et oppgjør. Om kanskje å begynne på nytt igjen til tross for at man ikke lenger er ung og har livet foran seg.
Håkan Nesser har hatt stor suksess med sine kriminalromaner om Van Veeteren og Gunnar Barbarotti. Han har utgitt.25 bøker på like mange år, og er oversatt til like mange språk..
«En fulltreffer fra Nesser.» Katrineholms-kuriren.

...........................................................................
"Dette er ikkje krim", sa bibliotekaren, då eg lånte boka. Men eg er ikkje så sikker på det. Spennande er det i alle fall. Heilt til slutt. Nesser er ein av de mange favorittane mine, og denne boka har så avgjort ein NERVE.

Dagbok 2014: 10.desember

Klokka er 21.40.Temperaturen er +3 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag, snøen smeltar. Vi kom oss nettopp inn på Internett igjen, etter å ha vore uten i timesvis. Telefonen virkar ikkje, derfor har Nils drive og tatt ut og inn ledningar. Vi har alt på Tussa: data, TV, telefon. Og TV-en har virka heile tida. Men å vere utan nett er nesten ei katastrofe i vår tid.
Eg har ikkje vore verken flink eller flittig i dag, har berre gjort litt småtteri rundt omkring. Men så kom Margrete, Ingeborg og Erlend på besøk, så vi hadde ei koselig stund i lag med dei.
Eg treng ein dag med sol og lys, for slik det no er kunne eg sove heile døgnet, så trøytt er eg.Det er så vidt Nils får liv i meg om morgonen. Trur eg må begynne å stresse litt-det er jo snart JUL.
Det vart sein middag i dag, lettsalta lange. Det er ein av mine fiske-favorittar.
I morgon kveld er det førjulsfest på Folkestad.



Bilda er tatt klokka 12.30. Snøen smeltar.

tirsdag, desember 09, 2014

Dagbok 2014: 9.desember

Klokka er 19.00, temperaturen er + 4 grader og det er så mørkt at eg ser ikkje vêret. Då vi stod opp i dag, var det kvitt over alt, og det var så mykje snø at Nils måtte ut og mòke. Eg er ikkje spesielt glad i snø, men på mørkaste tida er det fint at noko lyser opp.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å skjere opp og steike oksekjøt til Stroganoffgryta vi skal ha 2.juledag.
Så for vi til Volda, der Erlend skulle spele på Spinneriet.Det var Alexander Minkov sine musikkskuleelevar som hadde konsert i dag. Erlend har gått over til å bli trommis, så i dag trakterte han slagverket mens Alexander spela Mary`s boychild på keyboard. Det vart heilt flott. Vi trefte også Eirik og Margrete der.
Vi nytta høvet til å kjøpe eit par julegåver, og etterpå var vi på Sko-Olsen og kjøpte støvlettar til meg. Fekk tak i finske, neste same sort som eg hadde før-dei som enda sine beste dagar i vedaskogen.
Måtte innom Amfi og handle litt mat på heimvegen. Vel heime fann vi ein pizza i frysaren, det vart middagen i dag.
No er Nils på møte i SV- eg skal lese lydbok og strikke ferdig ein lest. Strikkar "oppatte" eit par av Nils sine, som det ikkje var bøtevon for.


Prestekragane i kjøkenkassane lever enno, litt av ein kontrast til adventstaken på kjøkkenbordet.


Dette bildet er utan lyd, men på FB kan de høyre Margrete sitt opptak.

mandag, desember 08, 2014

Dagbok 2014: 8.desember

                        Brasiliansk fruktkake.

Bland saman:
                       2 dl kveitemjøl

                       1,5 dl sukker
                       1 ts bakepulver
                       1 ts vaniljesukker


                        1/2 kilo dadlar og rosiner
                        (kan også bruke anna tørka frukt)
                        1/2 liter nøttekjernar, mest heile paranøtter


                        3 store egg som du har vispa lett saman


Bland frukta i det tørre, slå egga over. Bland.
Steik i rund form 26 cm i diameter -150 grader i 1 1/4 time
..............................................................
Denne oppskrifta har eg fått av ei veninne, og eg lagar kaka kvar jul. Den er verdens mest lettvinte, og verken frukt eller nøtter skal hakkast på førehand. Når ein serverer kaka skjer ein den opp i tynne skiver med kvass kniv. Eg plar pakke den ferdige kaka inn i al-folie og la den modne nokre dagar før eg ev. frys den.
Som sagt plar eg lage denne kaka kvart år, og det går alltid bra. Men så skjer altså ulykka. I DAG.
Eg hadde laga alt klart, berre egga stod att. Eg fann ut at eg like godt kunne vispe dei i miksaren, sidan den likevel stod framme. Eg har ei slik uttrekkbar hylle til miksaren, og eg føler meg aldri trygg når miksaren står der, så eg plar passe på. I dag fann eg på å smørje forma mens miksaren gjekk. Og pang! Der låg den i golvet, i lag med ei stor søyle av vispa egg.
Eg var heilt åleine inne, og det var bra! Det kom nokre ufine gloser...... Så tørka eg opp det grøvste før eg ropte på Nils. Vi sjekka at miksaren var i orden, etter eit lite inngrep, og så tok Nils teppet ut for å vaske det. Det skulle vaskast til jul i alle fall. Og eg har fått vaska golvet. Men først måtte eg piske nye egg og lage ferdig kaka. Eg har nok gjort ein liten feil der også, for eg la ikkje merke til at det stod 1/2 kilo frukt, men 1/2 liter nøtter. Eg las kilo på begge. Elles har det ikkje skjedd så mykje anna under julebaksten. I går sleppte eg taket i ein kopp smelta margarin, så då vart i alle fall eine hjørnet av kjøkkenet grundig "smørvaska". Eg stressar ikkje med julebakst, for eg veit at det blir ikkje ete så mykje kaker. (No tok eg ut kaka som ser heilt fin ut).
Elles sluddar det ute, det ligg litt kvitt på marka, så det er fint vêr å vere inne i.Temperaturen ligg på ca +2 grader. Nils er glad for alt som smeltar, så han slepp å mòke.
I morgon tysdag skal Erlend spele på Spinneriet midt på dag. Torsdag kveld er det førjulsfest på Folkestad skule og sundag førstkomande er det ballettshow i Ørsta, midt på dag. Ja, og så får vi besøk av Margrete og Ingeborg på onsdag, då skal dei til Ørsta på julehandel. Mykje som skjer denne veka altså. Kjekt det.
No skal vi snart ete tidleg middag, det blir restar frå i går.

søndag, desember 07, 2014

Dagbok 2014: 7.desember = 2.søndag i advent

Klokka er 15.15. Temperaturen + 1 grad, og det har snøa/ sludda såpass at det er litt kvitt på marka. Elles har det vore ganske mørkt i heile dag.
Vi er seine å kome oss i seng om kveldane, og tilsvarande seint oppe om morgonane. Men gjer det noko?
I dag har eg vore flink og flittig heile føremiddagen. Har problem med hofta når eg sit mykje, slik eg har gjort i det siste, så det eg viktig å finne seg ståande arbeid.
Men først måtte eg lese over manus og rette litt, før eg sende det til avisa, det var ikkje så lenge gjort.
I dag laga eg først to gulrotkaker, og sidan eg likevel raspa gulrøtene for hand, raspa eg middagsgulrøtene med det same. Til saman to kilo.
Så laga eg to store former med fiskegrateng, på min nye, lettvinte måte. Vi åt ei halv form til middag i dag, og så har vi tre middagar i tillegg. Det var lurt å lage no når vi hadde fersk, ufrosen fisk.
Den andre forma står enno i omnen, men når eg får ta den ut, blir det "slapp av" på sofaen. Har begynt på ei bok av Håkan Nesser, og innimellom les eg ei anna bok på papir. Det har forresten blitt veldig lite lesing i det siste.
I dag skal vi ikkje ut på noko som helst.

lørdag, desember 06, 2014

Dagbok 2014: 6.desember

Klokka er no 22.10, og det er ca 20 minutt sidan vi fekk att lyset. Då hadde vi vore utan i over to timar. Det er sjeldan at slikt skjer her, men heile Sunnmøre og vel så det vart ramma denne gongen. Verst var det etter at dei i Rystefeltet og Mosmarka hadde fått straum, men ikkje vi.
No er det relativt bra vêr ute, og temperaturen er + 5 grader C. Bilda tok eg rett før vi for nedover i dag før middag, seinare regna det.
I dag har eg gjort lite og ingenting. Kokte graut før vi for til Vik, og sette den i steikomnen, då var den ferdig då vi kom heim. Det vart ikkje kjøpt julegåver i dag, for vi hadde ikkje planlagt noko, og då blir det berre surr. Men vi fann mykje folk å prate med, andre pensjonistar med god tid.Og så trefte vi Ruth og Harald med to av våre felles barnebarn. Dei hadde vore på julehandel. Lars er av garde og hentar Ingeborg, reknar med dei er på heimveg no.
Vi kjøpte berre litt mat, og då vi kom heim og hadde ete, var det alt åt og mørkne. Så eg las litt i ei ny bok eg har begynt på, så får eg heller vere litt aktiv i morgon. No skal eg tømme oppvaskmaskina, den var heldigvis ferdig før straumen gjekk. Det er nesten nifst kor avhengig ein er av elektrisiteten. Eg fekk eit flash back tilbake til vinteren 1959-60 då eg var i Solheimsdalen. Ein heil vinter utan elektrisk straum. Ikkje å anbefale.


Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....