tirsdag, desember 09, 2014

Dagbok 2014: 9.desember

Klokka er 19.00, temperaturen er + 4 grader og det er så mørkt at eg ser ikkje vêret. Då vi stod opp i dag, var det kvitt over alt, og det var så mykje snø at Nils måtte ut og mòke. Eg er ikkje spesielt glad i snø, men på mørkaste tida er det fint at noko lyser opp.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å skjere opp og steike oksekjøt til Stroganoffgryta vi skal ha 2.juledag.
Så for vi til Volda, der Erlend skulle spele på Spinneriet.Det var Alexander Minkov sine musikkskuleelevar som hadde konsert i dag. Erlend har gått over til å bli trommis, så i dag trakterte han slagverket mens Alexander spela Mary`s boychild på keyboard. Det vart heilt flott. Vi trefte også Eirik og Margrete der.
Vi nytta høvet til å kjøpe eit par julegåver, og etterpå var vi på Sko-Olsen og kjøpte støvlettar til meg. Fekk tak i finske, neste same sort som eg hadde før-dei som enda sine beste dagar i vedaskogen.
Måtte innom Amfi og handle litt mat på heimvegen. Vel heime fann vi ein pizza i frysaren, det vart middagen i dag.
No er Nils på møte i SV- eg skal lese lydbok og strikke ferdig ein lest. Strikkar "oppatte" eit par av Nils sine, som det ikkje var bøtevon for.


Prestekragane i kjøkenkassane lever enno, litt av ein kontrast til adventstaken på kjøkkenbordet.


Dette bildet er utan lyd, men på FB kan de høyre Margrete sitt opptak.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...