Klokka er 15.15. Temperaturen + 1 grad, og det har snøa/ sludda såpass at det er litt kvitt på marka. Elles har det vore ganske mørkt i heile dag.
Vi er seine å kome oss i seng om kveldane, og tilsvarande seint oppe om morgonane. Men gjer det noko?
I dag har eg vore flink og flittig heile føremiddagen. Har problem med hofta når eg sit mykje, slik eg har gjort i det siste, så det eg viktig å finne seg ståande arbeid.
Men først måtte eg lese over manus og rette litt, før eg sende det til avisa, det var ikkje så lenge gjort.
I dag laga eg først to gulrotkaker, og sidan eg likevel raspa gulrøtene for hand, raspa eg middagsgulrøtene med det same. Til saman to kilo.
Så laga eg to store former med fiskegrateng, på min nye, lettvinte måte. Vi åt ei halv form til middag i dag, og så har vi tre middagar i tillegg. Det var lurt å lage no når vi hadde fersk, ufrosen fisk.
Den andre forma står enno i omnen, men når eg får ta den ut, blir det "slapp av" på sofaen. Har begynt på ei bok av Håkan Nesser, og innimellom les eg ei anna bok på papir. Det har forresten blitt veldig lite lesing i det siste.
I dag skal vi ikkje ut på noko som helst.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Her har vi vaksne jobba og frøkna slappa av og baka litt. Ho gjer vel litt lekser mot kvelden!
Legg inn en kommentar