torsdag, desember 11, 2014

Dagbok 2014: 11.desember


Klokka er 21.00. Temperaturen er + 4 grader C og det er opplett akkurat no. Litt regn tidlegare i dag. Vi kom nettopp att frå førjulsfest på Folkestad skule. Det er alltid kjekt å vere der. Sidan skulen er såpass liten, får alle elevane vere med i programmet, og foreldre og besteforeldre fyller salen.Erlend var konferansier ei stund og så spela han piano. Amanda song duett i lag med ei anna jente, song i lag med ei større gruppe og dansa i lag med klassen sin. Det er veldig upretensiøst program, og publikum ler og klappar. Trur ikkje nokon er redde for å dumme seg ut. Så var der mat på fat, og "kollekt". Eg tok ikkje bilde, men det var nok av dei som filma med mobilane sine.Så kanskje Margrete legg noko ut på blogg og FB.
Ruth og Harald sat på med oss i bilen på ferja, sette att sin eigen på kaia. Tilbake var også Eirik med.
I dag vakna eg med veldig vond rygg, og eg har ikkje vore så bra i dag. håper det kjem seg att.Var visst litt for ivrig med strikkepinnane eit par kveldar. Men eg fekk no gjort ein "julejobb" i dag også. Steikte ein stor porsjon krumkaker som eg delte på oss og Margrete. Her er det sjelden vi et opp kakene våre.
Til middag åt vi ein porsjon av dei "mislykka " fiskekakene våre. Så blei det ei lita pause før vi drakk kaffi og gjorde oss klar til å ta 17.30 -ferja frå Volda. Men først var vi innom biblioteket, der eg henta nokre bøker som var lagt til sides til meg. Ein liten tur innom Amfi vart det også, eg måtte kjøpe meg litt smertestillande medisin, blant anna.


Då vi kom heim måtte eg ta bilde av snøen som ligg her hos oss. Verken i Volda eller på Folkestad var det snø, og ikkje på andre sida av fjorden her heller.

Her er bokfangsten frå i dag. Har reservert fleire bøker på biblio, som eg får etter kvart dei kjem inn. Eg er avhengig av lydbøker etter som eg blir dårlig i venstre auge når eg les for mykje på papir.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...