fredag, desember 12, 2014

Dagbok 2014: 12.desember

    Slik såg det ut nede i hagen vår klokka 12.00 i dag.

No er temperaturen ute + 5 grader C, og det er opplett. Men mørkt. I dag har eg ikkje vore ute, men prøvd å komme meg litt i rygg, hofte etc. Har med andre ord tatt det veldig med ro. Før middag vaska eg rett nok eit par golv, støvsuga og baka brød. Men så vart det lydbok på sofaen. Seinare rippa eg eit par bøker inn på maskina, mens eg las i ei papirbok.
Vi har sett Beat for beat og Nytt på nytt,men  akkurat no er det heilt greitt for meg å sitte med ryggen til TV, så eg slepp å sjå på Vassendgutane. Høyre dei må eg likevel. Eg likar eit par av songane deira, men ikkje meir enn det "Granada" er den eg likar best.
I dag sende vi pakken til Kongsbeg, dei her omkring har eg ikkje begynt å kjøpe til enno. Men det blir vel ei råd.
Vart litt letta i dag då eg heldt på å støvsuge. Eg tenkte at det var no ikkje om å gjere å vere så nøye på det, måtte no vaske måndag og tysdag igjen. Så gjekk det opp for meg at det er ei heil veke og vel så det att til jul.
Vil ønske alle ei god helg, og håper at de har ei fin førjulstid utan for mykje stress. Eg har aldri baka lefser, og ikkje flatbrød. Eg har aldri laga sylteflesk eller lammerull heller. Og aldri koka søst eller gombe. Men JUL har det blitt kvart år likevel; ikkje har vi gått svoltne heller. Det meste er å få kjøpt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det finst faktisk ei kjerring lenger ute i gata som heller ikkje har laga noko av det du nemner i siste avsnitt.. Det var godt å høyre at det ikkje berre er eg som synest det er mykje godt å få kjøpt!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...