tirsdag, desember 03, 2013

Dagbok 2013: 3.desember.

Klokka er17.20, temperaturen ute er + 1 grad C, og det har vore litt mindre vått i dag. Då vi kom heim etter ein tur til Volda litt før klokka to, var det så lyst at eg fekk tatt bilde frå altanen. Det er sikkert mange som saknar altanbilda mine -.
Men litt annleis vêr betyr også at det ikkje er fullt så mildt lenger, og det kom ei byge i 15- tida som likna på sludd.
Vi var altså ein tur til Volda i dag, det var Nils som skulle på sjukehuset og ta nokre prøvar. Eg nytta høvet og var med for å kjøpe nokre julegåver. Så no er eg i gang.
Etterpå var vi på Coop i Furene, dit kom også Ruth og Harald, så vi fekk ein lang prat på parkeringsplassen.
Mens eg var i Volda fekk eg melding frå biblioteket at Vetle Lid Larsen si bok var komen. Eg stod på ventelista og fekk lånt den som førstemann i Ørsta. Ei anna ny bok hadde dei også lagt av til meg, på vona. Så i dag blir det ripping. Dei veit at dei får att bøkene før det har gått to dagar.
Ein tur på Amfi vart det også. Eg har vore på jakt etter eit "juleraudt" skjerf som skal stå til øyredobbane, men det er visst einaste fargen som ikkje finst i handelen verken i Ø eller Volda. Eg hadde bestemt meg for ei raud rose i staden, og hadde sett meg ut ei på "Glitter"-men akk o ve, i dag var der ingen raude roser heller. Skal på julebord neste tysdag og då må eg vere pynta. Nemlig.
Vi kom heim med ein god del mat i dag også, det er alltid tomt for eit kvart. I dag hadde vi pølser, med poteter og surkål til middag. Ruth skulle servere fiskegrateng i dag. Eirik er så glad i fisk, seier ho, og det er bra.Her har ikkje vore mykje fiskevêr i det siste, men Nils har planar om å sette liner så snart det blir høve til det. Vi har sei i frysaren så fiskelens er vi ikkje.
No skal eg sette meg til å rippe lydbøker, mens eg strikkar. Husarbeid blei det lite av i dag. Kan nesten ikkje bake heller, når her ikkje er frysekapasitet. (Jippiii). Så kan eg sitte og lese på FB om syltaflesk, ribberull og smultringar. Her blir det ikkje noko slikt.
Nils tømde eine kompostbingen i går.
Så vakker var himmelen klokka 14.00.Ein time seinare var det overskya og mørkt.

mandag, desember 02, 2013

Dagbok 2013: 2.desember.

Klokka er snart halv åtte. Ute har det vore mørkt lenge, det regnar og temperaturen er + 5 grader C.
I dag har vi vore litt flittigare enn vanlig. Før middag var det nesten opplett, så då gikk vi ein tur rundt Storebakken. Det er ei stund sidan sist eg gikk der, så no fekk eg sjå at hus nr.2 var kome opp i Millionærsvingen. I kvart av husa er det 4 leilegheiter, altså 8 til saman. Så langt er berre den eine leilegheita teken i bruk. Før stod der ein einebustad på denne tomta.
Vi gikk ned på Kiwi og handla litt med oss heim, nokre pakkar gjær blant anna. Det vart til at eg sette to brøddeigar, og fekk såleis 6 brød til å putte i frysaren. At alle frysarane er fulle frå før får vi vel kalle eit luksusproblem.
Til middag vart det fiskesuppe med mykje fisk i. Og etterpå vart der ein strekk på sofaen mens dei siste brøda stod i omnen.
Elles har eg stroke og hengt opp julegardiner på stova og gjort diverse anna husarbeid.
Nils gjorde ein kjempejobb i dag. Han tømte eine kompostbingen nede i hagen. Molda la han i dungar på plenen. Så no er vona at det anten blir snø som skjuler heile greia, eller at det lettar opp, så vi får rake molda utover.
Har ikkje høyrt meir frå Kongsberg. Som mange har fått med seg  har Rasmus brote foten, og vart lagt inn på sjukehus til operasjon. Det er ikkje så kjekt, men håper dei får lappa han skikkelig i hop att.

søndag, desember 01, 2013

Dagbok 2013: 1.desember = 1.sundag i advent

Klokka ersnart 19.00, temperaturen er +6-7 grader C, det er framleis vått og mørkt heile dagen. Det er derfor eg held meg inne.
I dag baka eg ei rund formkake før middag og så vart det ein porsjon rundstykke frå "Smalhans", boka til Gunda. I dag hadde eg i det nye produktet som skal gi luftigare bakst, men rundstykka vart ikkje luftigare enn vanlig. No kan eg ikkje vite korleis akkurat desse rundstykka hadde blitt utan pulveret,då.
Til middag vart det steikt kveite med remuladesaus, ein rett som Nils likar godt. Sjølv er eg ikkje så begeistra for kveite.
Vi har leita fram litt pynt, men det har ikkje vore fristande å henge ut noko, så lenge det blæs. Adventstaken må stå på kjøkkenbordet, sidan vi ikkje har vinduskarmar på kjøkkenet. Det er ikkje sikkert dei ser den dei som går forbi huset vårt. Stearinlys må vi stort sett avstå frå, for Nils får hoste berre han ser dei.Har lurt litt på å kjøpe elektriske "stearinlys", ein kan få dei både med ledning og batteri.
Skulle slappe av litt etter middag, med bok på øyret;  det enda med at eg sovna. Blir veldig trøtt når det aldri er lyst.
Meininga var at vi skulle på ballettshow i dag, Margrete skulle kjøpe billettar. Det var heilt utselt for 9 dagar sidan, ho fekk ikkje billett til seg sjølv ein gong. Håper dei set opp ekstraframsyning. Med så mange dansarar blir det mange pårørande.

lørdag, november 30, 2013

Dagbok 2013: 30.november

Klokka er 18.30. Det er + 6 grader ute, og framleis mørkt og vått. Veldig vått. Men vi slepp å sjå sola forsvinne høgare og høgare opp i fjellsida slik som i fjor, og om tre veker er det solsnu. Det kan vi i alle fall sjå fram til.
Vi hadde ingen spesifikke planar for dagen i dag, men måtte ut og sjå til båten før vi eventuelt fann på noko.
Det er kjekt med ein tur på Amfi, men vi har vore der så ofte i det siste at eg hadde lyst til noko anna, og då vi var komne ut på Rjåneset fekk eg den lyse ideen at vi i grunnen var langt på veg til Moa. Og så reiste vi dit. Vi har lenge snakka om å ta ein tur på JULA. Vi har vore der berre ein gong før og då syntest vi der var mykje å sjå, men det var før vi fekk Clas Ohlson i Ørsta.Men altså, det var noko vi skulle sjå etter, og det fann vi ikkje. Men heilt tomhendte gjekk vi ikkje ut, for vi fann ein god orange regndress til Nils til ein billig penge.(Det er heilt umulig å få han til å kjøpe noko dyrt til seg sjølv). Eg likar at han viser att når han er ute og fiskar, og livbeltet får han plass til under dressen.
Så var det Moa kjøpesenter. Og der var det folk! Kunne nesten ikkje stoppe opp utan fare for å bli nedkøyrde med barnevogn eller nedetrakka av folk. Det vart litt mallwalking, men lite handel. Vi brukar alltid å kjøpe pizza på Dolly Dimple når vi er der ute, men også der var det fullt, så det vart Peppes i staden. God pizza der også, men botnane til Dolly er best. Nils og eg har ete pizza gjennom heile Sverige og halve Norge, så dette har vi greie på.
Heim frå Festøya køyrde alle bilane frå ferja i ei einaste lang rekke, det var som eit raudt girlander framfor oss på vegen.
Såg forresten ein "kjendis" om bord i ferja, nemlig Fredric Holen Bjørdal (Ap)-stortingsmann frå Ørsta.
Dette er kanskje ikkje den mest givande turen vi har hatt til Moa, men vi kom i alle fall heim med liv og helse i behold, til tross for mørke, regn og vind, så vi er nøgde med det.
Så får vi hente adventspynten ned frå loftet i morgon. Ser at andre har fått sin på plass i dag.

fredag, november 29, 2013

Dagbok 2013: 29.november

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore vått og grått i dag også. Men slik er november, som regel.
I dag strauk eg og hengde opp julegardiner på kjøkkenet, så vaska eg golv, og så reiste vi til Vik.
Eg trong meir garn til lesteprosjektet mitt, og så var det litt anna småtteri. Mellom anna ville eg ha noko raudt å pynte opp juleantrekket mitt med, tenkte på raude øyredobbar og kanskje eit raudt skjerf. Øyredobbar fann eg på Bjørklund, skjerf var det verre meg, eg ville ha eit lite, men fann berre store, så eg trur eg får klare meg med det eg har.
Dei raude "rubinane" kosta under 150 kr så det får vere julegåve til meg sjølv.
Vi orka ikkje å lage middag i dag, så vi kjøpte berre med oss ein grilla kylling heim.
Det vart berre ei lita stund på sofaen i dag, for eg måtte skrive eit lite avisinnlegg.
No vil eg ønske alle ei god helg! Stress ikkje for mykje med jula. Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno, må først ha ein plan, elles blir det berre tøv.Viss ein veit kva ein vil ha, går det greitt å handle.
I dag var eg inn på julemessa på Ørsta Torg. Der var veldig mykje fint handarbeid til sals, men eg hadde ikkje kontantar. Det kan hende eg går inn att ein annan dag. Men å kjøpe strikka ting blir litt feil for meg.
 

torsdag, november 28, 2013

Dagbok 2013: 28.november.

KLokka er 18.45, temperaturen er + 3grader C og det er vått og mørkt ute. Liknar ikkje mykje på førjulsvinteren i fjor.Då skein sola i fjellet nesten kvar dag.
I dag hadde eg time hos tannlegen klokka 10.45, og der kjem ein alltid inn til rett tid, eller litt før. Det var fort gjort i dag også, to røntgenbilde og pussing av tannstein, same procedure as every year.
Var heimom ein liten tur, før eg skulle på styremøte i pensjonistlaget, på den tida gjorde vi alt klart til middagen, så det skulle vere lettvint når vi kom heim. I dag skulle vi ha spekesild.
Kom fram på Carlo spekesild ein dag vi var innom Spar. Dette er verdens beste spekesild, har ein smakt denne vil ein helst ikkje ha noko anna. Det er ikkje så ofte vi finn den på butikken, for den står seg ikkje evig. Dei har også kryddersild frå same fabrikant , den er i blå boksar. Silda er ikkje direkte billig, men den smeltar på tunga. Faren er at ein kan kome i skade for å ete for mykje. (Det gjorde eg ein gong). Vi hadde mandelpoteter og kålstuing til. Eg plar av og til seie at eg trur vi er siste generasjonen som et spekesild, vi er van med sild frå barnsbein av, og eg har alltid likt det.
Møtet eg var på varte ikkje så lenge, så vi var heime før klokka 14.00, då hadde vi handla litt på Kiwi på heimvegen.
Etter middag las eg ut og blogga om boka er har lese siste dagane. Den kan de lese om i det førre innlegget mitt.
No har eg shina opp kjøkkenet, så har eg berre eit par golv å vaske i morgon. Det gjeld å spre arbeidet ut over heile veka.
No skal Nils sjå ein fotballkamp som går i Tromsø. Einar er der for å heie på Tottenham, som har vore favorittlaget hans sidan han var liten.Eg skal strikke lestar.
Eg ser at mange tener pengar på bloggane sine. Siste veka har eg reklamert for Janus-utsalet i Volda, Gåvebua i Ørsta og for Carlo sild. Eg vil berre gjere merksam på at eg ikkje er sponsa.

Bok nr.67 - 2013: Den onde arven.


Omtale fra forlaget
Så du trodde at du visste alt om familien din?Med en far hun aldri har sett og en mor som verken tåler lys eller lyd, er livet til 16 år gamle Julie langt fra vanlig. Hun bor i et stort hus sammen med sin bestefar, og på skolen blir hun mobbet. Hennes beste venn er en katt. Men en kveld da nordlyset åpenbarer seg på himmelen, finner hun en mystisk gjenstand som snur opp ned på livet hennes. Det er en gjenstand som er nært knyttet til mørke hemmeligheter. En gjenstand noen er villig til å drepe for å få tak i.Julie havner i stor fare da hun prøver å finne ut hva som har skjedd i familien hennes. Samtidig er Julies katt blitt redd for henne. Ute på tunet har 13 ravner slått seg ned, og de følger Julies minste bevegelser med iskalde øyne ...Forfatterens hjemmeside: www.thomasenger.net
.................................................................................
Eg har lese fleire krimromanar av Thomas Enger, derfor vart også denne boka med heim frå biblio. Eg merka fort at den ikkje var som dei andre bøkene eg har lese av forfattaren, ikkje så kriminell, liksom, meir mystisk.
Etter kvart som eg las begynte eg å lure på om eg hadde fått med heim ein bestseller, men så dukka ein annan tanke opp: Enn om det var ei ungdomsbok? Eg hadde for lengst levert originalen på biblio, og eg er motstandar av å google bøker før eg har lese dei, så eg undersøkte ikkje. Men sidan "fortellaren" i boka var ei 16 år gammal jente, vart eg sikker i mi sak. No har eg lese ut boka, leita den opp på nettet og det er ei ungdomsbok. Sidan ungdommen for tida ser ut til å vere interesserte i fantasy og det ikkje heilt realistiske, trur eg denne boka ville fungert bra for dei som er noko yngre enn eg. Sidan eg faktisk las den ferdig, og til tider tykte det var litt spennande, må den vel ha visse kvalitetar?

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...