søndag, desember 01, 2013

Dagbok 2013: 1.desember = 1.sundag i advent

Klokka ersnart 19.00, temperaturen er +6-7 grader C, det er framleis vått og mørkt heile dagen. Det er derfor eg held meg inne.
I dag baka eg ei rund formkake før middag og så vart det ein porsjon rundstykke frå "Smalhans", boka til Gunda. I dag hadde eg i det nye produktet som skal gi luftigare bakst, men rundstykka vart ikkje luftigare enn vanlig. No kan eg ikkje vite korleis akkurat desse rundstykka hadde blitt utan pulveret,då.
Til middag vart det steikt kveite med remuladesaus, ein rett som Nils likar godt. Sjølv er eg ikkje så begeistra for kveite.
Vi har leita fram litt pynt, men det har ikkje vore fristande å henge ut noko, så lenge det blæs. Adventstaken må stå på kjøkkenbordet, sidan vi ikkje har vinduskarmar på kjøkkenet. Det er ikkje sikkert dei ser den dei som går forbi huset vårt. Stearinlys må vi stort sett avstå frå, for Nils får hoste berre han ser dei.Har lurt litt på å kjøpe elektriske "stearinlys", ein kan få dei både med ledning og batteri.
Skulle slappe av litt etter middag, med bok på øyret;  det enda med at eg sovna. Blir veldig trøtt når det aldri er lyst.
Meininga var at vi skulle på ballettshow i dag, Margrete skulle kjøpe billettar. Det var heilt utselt for 9 dagar sidan, ho fekk ikkje billett til seg sjølv ein gong. Håper dei set opp ekstraframsyning. Med så mange dansarar blir det mange pårørande.

3 kommentarer:

solveig sa...

Elektriske kubbelys er ikkje dumme!

Bjørg sa...

Eg baka Gunda sine grove rundstykke i går. Då hadde vi Elinfamilien her om kvelden. Eg laga linsesuppe med bacon frå Smalhans-boka med rundstykke til. det vart godt motteke.

Besta sa...

ja, der er mange gode oppskrifter. Eg laga Mulligatawny-suppa nokre gongar, men sist gong lukta både eg og heile huset så krydra at eg fekk nok for ei stund. Suppa var veldig god, og no får ein tak i høne på butikkane.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...