lørdag, januar 05, 2019

Dagbok 2019: 5.januar

Klokka er 19.55, temperaturen er + 6 grader og det er framleis mørkt og vått. Ja, ja, eg er no glad for at det som kjem ned frå himmelen ikkje må mokast vekk i alle fall. Vi får vel klårvêr og kulde når sola kjem att ?
Eg går her og surrar åleine det meste av tida, likevel blir dagane for korte til at eg får tid å kjede meg. Eg finn alltid noko som må gjerast, eller noko som eg har lyst å styre med.
Sist natt sov eg godt, men vakna tidleg. Eg nekta å stå opp så tidleg, så eg vart liggande og sovna attpå. Så stod eg opp, sette på varme, kveikte i omnen, dusja kledde på meg og laga frokost. Då var klokka 10.
Føremiddagen gjekk med diverse syslar, litt rydding etc. og ca. kl.16 fann eg ut at det var tid for mat.
Då høyrde eg ei bildør som slo, og så kom Eirik. Vi drakk kaffi i lag og prata om laust og fast - mest om musikk. Han skal reise opp att til Trondheim i morgon, dei skulle ta ytre leia. Ikkje så kjekt å køyre der det er for mykje fjell. Håper dei kjem seg vel fram.
Ingeborg er vel framme i Oslo, ho måtte ta buss. 
Ja, det er mykje som skjer i desse dagar, dei farlegaste dagane i året er rundt jul, med snøskred, storm og uvêr. Så høyrde eg på radioen i dag at influensaen er på full fram-marsj, men det er ikkje for seint å ta vaksine enno, sa dei. Eg tok vaksine i haust, så eg kjenner meg rimeleg trygg.
Eg har no strikka litt i dag også men har vel ca.10 cm att på bolen før eg skal ha alt inn på ein pinne, for ermane er ferdige.
Strauk nokre dukar etc. før i dag, og no har eg ein ullvask å få på plass, henta den i tørketrommelen før Eirik kom.
I morgon skal eg ein tur opp til Marit, då er ho heime åleine. 
Foten min er ikkje bra, men eg verker ikkje noko særleg når eg er i ro.

fredag, januar 04, 2019

Dagbok 2019: 4.januar

Klokka er 20.00, temperaturen er + 6 grader. Eg trur det har vore vått og grått i heile dag, men har ikkje vore lenger enn til postkassa, så eg veit ikkje så mykje om vêret. no er det berre vel 2 veker til sola kjem att her hos oss, og DÅ håper eg det blir klarvêr, no er det ikkje så nøye. Eg har ikkje vore ute av tunet sidan julaftan, men dagane går som ein røyk likevel. 
I dag vakna eg tidleg, og fekk ikkje sovne igjen så eg stod opp- like godt. Fekk gjort ein heil del på føremiddagen, til dømes strauk eg og hengde opp dei vanlege gardinene på kjøkkenet, likar ikkje julegardinene så godt, og hadde diverse anna som skulle strykast  også. Så vart det nokre turar opp og ned i kjellaren sidan eg har vaskemaskin og tørketrommel der. Oppvasken tok ei anna maskin seg av.

Og så må eg innrømme at eg har vore så syndig at eg har lese nesten ei heil bok i dag, og strikketøyet kom ikkje fram før langt ut på ettermiddagen. Hadde eg hatt lydbøker kunne eg lese og strikka på samme tid. Men no skal eg halde med til TV og strikking resten av kvelden; for tida strikkar eg berre rundt og rundt så då må eg ha litt underhaldning ved sidan av.
Då vil eg ønske at alle får ei god helg. Den første i år.

Bok nr. 2 - 2019: Frosten og døden



Det er den kaldaste vinteren på mange år i Lom. Folk held seg stort sett inne ved omnane. Berre frå eitt hus stig det ikkje røyk frå pipa. Der bur Agnes Skarstulen, ei merkeleg, eldre kvinne, mislikt og frykta i grannelaget.

Så blir Agnes funnen død i snøen, drepen. Smått om senn avdekkjer etterforskinga ei svært dramatisk livshistorie. Men er det der svara ligg? Saka tek ei ny, dramatisk vending da meisterkokken Arne Brimi finn eit nytt drapsoffer på BrimiBue, familierestauranten som ligg vegg i vegg med lensmannskontoret.

Den fjerde kriminalromanen frå forfattarduoen Kroken & Kolden jaktar etterforskarane Seljestad og Vold ein dristig og dyktig, men òg desperat gjerningsperson. Frosten og døden handlar om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i ei bygd der alle trur dei kjenner alle.
………..………………………………………………………………………………………….
For tida dukkar det opp diverse papirbøker i heimen, så eg har litt å velje mellom. I går begynte eg å lese denne krim-romanen. Forfattaren var ukjend for meg, og eg trudde namnet på framsida var eit litt spesielt mannsnamn. Men eg hadde ikkje lese så mykje før eg tenkte at dette var det ei kvinne som stod bak, og då eg så på baksida og las det som stod der viste det seg at det var to kvinner Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden, begge frå Lom. Boka er skriven på lettlesen nynorsk, og hendingane er lagt til Lom. Og her er ein som regel kjende etter diverse stopp på lengre reiser. Bakaren er nemnd i teksten, og Arne Brimi har fått ei rolle i hendinga.
Eg er nesten litt flau av det, men i dag sette eg meg pal og las ut denne boka på 335 sider. Sidan boka er ein krimroman var der sjølvsagt eit drap som skulle oppklarast, og det var ikkje heilt enkelt. Pila peika både hit og dit, men mordaren var ikkje den eg trudde. Det er ikkje så farleg. Det eg likte best med boka var dei små i historiene i den store. Vi vart kjende med mange menneske, og fekk høyre om oppveksten deira, og  det som kanskje hadde gjort dei til den dei er i dag. Det er mange personar og like mange skjebnar. og mange namn å halde orden på, men når ein les på papir er ikkje det så farleg. Eg likte boka godt, og på baksida av boka kan eg lese at det er den 4. krimromanen dei to kvinnene har kokt i hop.

torsdag, januar 03, 2019

Dagbok 2019: 3.januar

Denne genseren heiter Tiril. Solveig strikka den til Olaug jr. til julegenser. Eg fekk garn og mønster av Solveig til jul, og det er denne eg strikkar til meg sjølv no, i blått og kvitt.


Klokka er 18.30, temperaturen er + 3 grader, det har vore regn, slaps og nokså grått ute i dag. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag.
I går kveld var eg komen til sengs, las litt og la meg til å sove i 2-tida. Ca. klokka 4 vakna eg opp att og fekk ikkje sovne igjen på eit par timar. Så det vart ein sein oppstandelse i dag også.
Og når eg står opp er eg så "trøytt" i føtene at det kjennest ut som om eg har gått rundt Ekvator i søvne. Derfor må eg ta smertestillande etter frokost og sitte i ro og strikke ei stund. I går gjorde eg ferdig brotet på genseren min, og i dag skifta eg til pinne nr.3,5 og begynte på sjølve bolen.
Men eg hadde anna å gjere også. Eg bytta på senga, sette på vaskemaskina og så vaska eg soverommet, badet og kjøkkenet når eg først var i gang.
Til middag i dag hadde eg heldigvis ikkje restar som eg måtte ete opp, så eg opna glaset med sursild og kokte eit par egg som eg åt attåt brødskiver.
Dessert vart kaffi og fattigmann. Men då var eg så trøytt at eg måtte lata att augo ei stund. Og sjølvsagt verkte eg i foten ! Så det vart meir tablettar. Eg har full kontroll over tablettbruken, tek ikkje meir enn det legen har anbefalt.
I går kveld begynte eg på ei ny papirbok, ein krimroman frå LOM på nynorsk. Berre det var nok til å vekke interessa mi. Men det er alltid vanskeleg å vurdere ei krimbok før ein har fått med slutten. I alle fall så langt likar eg å lese den, språket er bra, og det at handlinga erlagt til kjende trakter er også litt artig. Så får vi sjå om lensmannsetaten i Ottadalen vinn fram. Eg tenker som så-at strikke kan eg gjere når eg ser TV-lesinga får eg ta innimellom.
I dag er det to bilar på tunet-Silje sin og ei venninne på besøk, så no eig eg ikkje grunnen åleine.
Eg vart også invitert til kaffi hos Ragnhild i dag, men var ikkje i form til å "gå ut". Det første eg skal gjere så snart eg føler meg bra nok, er å få klipt håret mitt. Eg ringde og snakka med Ragnhild og ho forstod situasjonen. Det var ikkje noko kjekt å bli låk i fot nr. to med det samme den første var så bra at eg hadde begynt å gå -nesten utan problem. Men kva kan ein gjere. Om eg sit heilt i ro ein dag, så har eg det bra DEN dagen, men så snart eg leder på meg er det vondt. Men det er dei som har det verre.

onsdag, januar 02, 2019

Dagbok 2019: 2.januar

Klokka er no 17.55, temperaturen ligg og vaker rundt 0 grader og vi har fått meir snø, men trur ikkje den blir liggande. Sist natt sov eg godt og var rimeleg bra då eg stod opp, men så snart eg begynner å røre på meg, verker kneet-slik er det berre. Derfor sit eg mykje i ro. Men på føremiddagen tok eg meg å tak og rydda ut "jula"-det var ei lette. Det einaste som er att er julegardinene på kjøkkenet, dei får henge til neste energiutbrot. Men ute er det fin julestemning med lys hos naboane og snø. Eg har vore opp i gardintrappa og fått orden på "fuglemataren" som hang litt på halv åtte etter "stormen". I dag har småfuglane vore her igjen.
Solveig skreiv melding om at ho og Øystein ville komme innover  og Øystein fekk instruksar om innkjøp av asbest, lim etc. så no har han ordna omnen min. Og glad er eg for det. Solveig hadde med ein rundpinne til meg i rett nummer, så no kan eg legge opp bolen til genseren min for andre gong. Eg hadde strikka meir enn halve brotet (246 masker) før eg såg at det var feil dimensjon på pinnen. Dei tok seg tid til litt kaffi og småkaker før dei måtte fare ut att. Det er arbeidsdag for dei i morgon, trur Margrete begynte i dag.
Etter at eg vart åleinelas eg ut boka mi. Les ein del på papir no når eg likevel sit så mykje i ro. Det går mykje fortare enn å høyre lydbok. 
Eg greidde ikkje å la vere å fyre opp i omnen for å sjå korleis den funka, og det ser ut til at alt er i orden. takk til Øystein for det.
No skal eg ta meg saman og legge opp det brotet. I kveld ventar eg Silje heim. Ser fram til det.


Bok nr. 1 - 2019: Formørkelsen

Formørkelsen er et farlig ekteskapsdrama og en mesterlig kriminalroman. Dette er bok 14 i serien om Konrad Sejer. Ekteparet Sylvi og Miele sjekker inn på hotell med sin femten måneder gamle sønn Elias. Den lille gutten leker på teppet i lobbyen, og resepsjonisten Sun-Lee tar bilde av ham med mobilen. Tidlig neste morgen skjer det forferdelige: Gutten styrter i døden fra hotellrommets balkong i sjuende etasje. Både Sylvi og Miele utpekes som mistenkte, og Konrad Sejer settes på saken. Parets forklaringer spriker. Det som var et ekteskap, er blitt et destruktivt og spent spill mellom to desperate voksne. I mangel på bevis blir begge foreldrene frikjent, men Sejer slipper ikke saken. Tankene hans er hos det uskyldige barnet, og denne gangen vet han at det er uhyre viktig å finne sannheten. 
…………………………………………………………………………………….
Karin Fossum skuffar sjeldan, og i alle fall ikkje denne gongen. Eg har lese boka på papir, og brukt eit par dagar. Den er veldig spennande, særleg på begynnelsen og slutten.  Ser at VG gir boka 4 i terningkast, eg ville strekt meg til 5. Dei samanliknar også boka med "Flink pike", noko eg berre delvis vil slutte meg til. Det psykologiske aspektet er alltid til stades i Fossum sine bøker, og sjølvsagt også i denne.  Men....der er alltid eit men. Eg ville ønska ein annan slutt. Men eg vil anbefale boka til dei som har om lag same "smak " som eg.

tirsdag, januar 01, 2019

Dagbok 2019: 1.januar. Nyttårsdag

Klokka er 20.10.Temperaturen er+ 3 grader C.  
Eg har nettopp høyrt statsministerens tale på TV. Hadde på litt av nyttårskonserten før middag, elles har TV-en vore av .
Surt, kaldt og blåsande start på det nye året. Det var kvitt på markene i dag tidleg og er det vel enno.
Eg starta dagen seint. Dvs. eg vakna grytidleg, men greidde å sovne igjen og sov til nærmare halv 12, så dagen vart ikkje lang.
Hadde litt problem med å få opp temperaturen i dag , men det vart no varmt nok til slutt. Hadde veldig vondt i foten til å begynne med, så det vart å sitte mykje i ro, tablettane hjelper litt , dvs. tek toppen av smertene, så eg har det bra når eg sit i ro. Har strikka litt, men mesteparten av fritida har eg nytta til å lese bok på papir. Eg er komen om lag halvvegs i Karin Fossum si bok. Det går litt treigt det også, for i dag har eg vore veldig trøytt-eg får skulde på vêret,  og ikkje på søvnmangel. Det er ikkje mange minuttane kvar dag at det er lyst.
Eg kjeder meg ikkje, men synest det hadde vore bra å litt lysare dagar. Lurer på om eg skal rydde vekk jula i morgon?
I morgon kjem leigebuaren min att, og det ser eg fram til. Ho skal passe katten til mora ein periode, så den kjem også hit.
Får ikkje gjort så mykje meir med genseren min før eg får tak i rette sorten rundpinne, men det er no ikkje noko som hastar.
I dag fekk eg rista meg brød på "nyeristaren" og den virka heilt supert. Gjekk ned i frysaren og skulle ta opp brød, då fann eg ei rest med frosen lasagne, som eg hadde til middag i dag . Eg har nok til i morgon også. Må prøve å ete opp restane som eg frys ned, ikkje berre fylle opp i frysarane. 
Elles har eg alt eg treng og vel så det.
Til tross for grisevêr i overgongen til 2019 håper eg at vi alle får eit
   
Godt nytt år.

Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....