Klokka er 20.00, temperaturen er + 6 grader. Eg trur det har vore vått og grått i heile dag, men har ikkje vore lenger enn til postkassa, så eg veit ikkje så mykje om vêret. no er det berre vel 2 veker til sola kjem att her hos oss, og DÅ håper eg det blir klarvêr, no er det ikkje så nøye. Eg har ikkje vore ute av tunet sidan julaftan, men dagane går som ein røyk likevel.
I dag vakna eg tidleg, og fekk ikkje sovne igjen så eg stod opp- like godt. Fekk gjort ein heil del på føremiddagen, til dømes strauk eg og hengde opp dei vanlege gardinene på kjøkkenet, likar ikkje julegardinene så godt, og hadde diverse anna som skulle strykast også. Så vart det nokre turar opp og ned i kjellaren sidan eg har vaskemaskin og tørketrommel der. Oppvasken tok ei anna maskin seg av.
Og så må eg innrømme at eg har vore så syndig at eg har lese nesten ei heil bok i dag, og strikketøyet kom ikkje fram før langt ut på ettermiddagen. Hadde eg hatt lydbøker kunne eg lese og strikka på samme tid. Men no skal eg halde med til TV og strikking resten av kvelden; for tida strikkar eg berre rundt og rundt så då må eg ha litt underhaldning ved sidan av.
Då vil eg ønske at alle får ei god helg. Den første i år.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 202: .26 okrtober
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar