Det er den kaldaste vinteren på mange år i Lom. Folk held seg stort sett inne ved omnane. Berre frå eitt hus stig det ikkje røyk frå pipa. Der bur Agnes Skarstulen, ei merkeleg, eldre kvinne, mislikt og frykta i grannelaget.
Så blir Agnes funnen død i snøen, drepen. Smått om senn avdekkjer etterforskinga ei svært dramatisk livshistorie. Men er det der svara ligg? Saka tek ei ny, dramatisk vending da meisterkokken Arne Brimi finn eit nytt drapsoffer på BrimiBue, familierestauranten som ligg vegg i vegg med lensmannskontoret.
Den fjerde kriminalromanen frå forfattarduoen Kroken & Kolden jaktar etterforskarane Seljestad og Vold ein dristig og dyktig, men òg desperat gjerningsperson. Frosten og døden handlar om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i ei bygd der alle trur dei kjenner alle.

………..………………………………………………………………………………………….
For tida dukkar det opp diverse papirbøker i heimen, så eg har litt å velje mellom. I går begynte eg å lese denne krim-romanen. Forfattaren var ukjend for meg, og eg trudde namnet på framsida var eit litt spesielt mannsnamn. Men eg hadde ikkje lese så mykje før eg tenkte at dette var det ei kvinne som stod bak, og då eg så på baksida og las det som stod der viste det seg at det var to kvinner Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden, begge frå Lom. Boka er skriven på lettlesen nynorsk, og hendingane er lagt til Lom. Og her er ein som regel kjende etter diverse stopp på lengre reiser. Bakaren er nemnd i teksten, og Arne Brimi har fått ei rolle i hendinga.
Eg er nesten litt flau av det, men i dag sette eg meg pal og las ut denne boka på 335 sider. Sidan boka er ein krimroman var der sjølvsagt eit drap som skulle oppklarast, og det var ikkje heilt enkelt. Pila peika både hit og dit, men mordaren var ikkje den eg trudde. Det er ikkje så farleg. Det eg likte best med boka var dei små i historiene i den store. Vi vart kjende med mange menneske, og fekk høyre om oppveksten deira, og det som kanskje hadde gjort dei til den dei er i dag. Det er mange personar og like mange skjebnar. og mange namn å halde orden på, men når ein les på papir er ikkje det så farleg. Eg likte boka godt, og på baksida av boka kan eg lese at det er den 4. krimromanen dei to kvinnene har kokt i hop.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar