Klokka er no 17.55, temperaturen ligg og vaker rundt 0 grader og vi har fått meir snø, men trur ikkje den blir liggande. Sist natt sov eg godt og var rimeleg bra då eg stod opp, men så snart eg begynner å røre på meg, verker kneet-slik er det berre. Derfor sit eg mykje i ro. Men på føremiddagen tok eg meg å tak og rydda ut "jula"-det var ei lette. Det einaste som er att er julegardinene på kjøkkenet, dei får henge til neste energiutbrot. Men ute er det fin julestemning med lys hos naboane og snø. Eg har vore opp i gardintrappa og fått orden på "fuglemataren" som hang litt på halv åtte etter "stormen". I dag har småfuglane vore her igjen.
Solveig skreiv melding om at ho og Øystein ville komme innover og Øystein fekk instruksar om innkjøp av asbest, lim etc. så no har han ordna omnen min. Og glad er eg for det. Solveig hadde med ein rundpinne til meg i rett nummer, så no kan eg legge opp bolen til genseren min for andre gong. Eg hadde strikka meir enn halve brotet (246 masker) før eg såg at det var feil dimensjon på pinnen. Dei tok seg tid til litt kaffi og småkaker før dei måtte fare ut att. Det er arbeidsdag for dei i morgon, trur Margrete begynte i dag.
Etter at eg vart åleinelas eg ut boka mi. Les ein del på papir no når eg likevel sit så mykje i ro. Det går mykje fortare enn å høyre lydbok.
Eg greidde ikkje å la vere å fyre opp i omnen for å sjå korleis den funka, og det ser ut til at alt er i orden. takk til Øystein for det.
No skal eg ta meg saman og legge opp det brotet. I kveld ventar eg Silje heim. Ser fram til det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar