Klokka er 18.40, temperaturen er14 + grader og det er lettskya og fint. Skulle i grunnen ha jobba ute i dag, men det var ymse anna eg måtte gjere.
Etter morgonstell og besøk av HBO 1, sette eg meg ned og skreiv referat til avisa. Det gjekk relativt greitt. Eg kan ikkje skrive så langt no når det skal inn på Folkeliv- sida.
Så kom Håkon innom med noko fiskeutstyr han hadde kjøpt. Det er slikt som livar opp Nils, og det blei litt jobbing ved kjøkkenbordet men knyting av sen etc. Eg hadde ein jobb på altanen, eg har løfta opp alle flakane og kosta vekk mange års rusk og rask som låg på plasten under flakane. Perfekt vart det ikkje, men i alle fall betre enn det var.
Til middag i dag laga eg ein gryterett med kjøttdeig, må lage noko som Nils vil ha.
Siste dagane har Nils fått 5 mg mindre prednisolon enn før; vi skulle prøve det nokre dagar, men viss han vart dårlegare skulle vi gå opp til 20 mg igjen. Vi er ikkje heilt sikre enno, så vi må prøve litt til. Som vanleg måtte han få ei insulinsprøyte klokka 16.00. Han har ikkje vondt, verker ikkje, men er veldig svak og blir fort sliten. Anna er vel ikkje å vente.
Eg har talt på knappane i dag om eg skulle klippe gras, men kom til at det skal eg vente litt med slik at gjødselen får virke. Dessutan er det mange løkplantar i plenane som bør visne litt meir før dei blir klipt. Eg fekk Håkon til å grave opp ripsbuska i dag, den skal få ligge litt slik at eg får banke av litt mold før eg fyller i hola og sår gras..
Mykje av ettermiddagen har eg sete ved datamaskina og rippa boka eg fekk på biblio i går. Den er på heile 18 CD-plater, så det spørs....... Mens eg rippa las eg ferdig boka eg heldt på med og strikka på ein lest.
I kveld blir det ESC-for alle pengane. Spent på om Norge går vidare. Eigentleg synest eg det er ganske kjedelig med alle dei songane og sceneshowa, men det er liksom ein familietradisjon å følgje med.
torsdag, mai 11, 2017
Bok nr.17 - 2017: I en mørk, mørk skog

Nora har ikke sett Clare siden den gangen hun brøt med sitt gamle liv og aldri så seg tilbake igjen. Men så dukker en uventet invitasjon opp - til Clares utdrikningslag. En helg på et avsidesliggende sted må være den perfekte anledning for Nora til å ta opp igjen kontakten med sin gamle bestevenninne og legge fortiden bak seg.
Vel på plass inne i skogen gjør alle sitt beste for å lage en vellykket helg, men snart oppstår spenninger mellom nye og gamle bekjentskaper. Er alle der på samme premisser? Hvorfor er Nora bedt i utdrikningslaget, men ikke i bryllupet? Og hvem er det Clare egentlig skal gifte seg med? Kontakten med omverdenen er minimal. Mobildekningen er nesten fraværende. Og så går noe galt. Veldig galt.
Mens hemmeligheter og løgner bister, blir Nora innhentet av fortiden der ute i den mørke, mørke skogen.
.............................................................................
Som vanleg har eg brukt altfor lang tid på boka, men her var det lett å halde tråden likevel. Dette er ein litt annleis krimroman, og eg likte den.
onsdag, mai 10, 2017
Dagbok 2017: 10.mai
Klokka er 20.00, temperaturen er +8 grader C, det har vore ein dag med mykje sol og litt skyer, men nokså kaldt.
Eg har vore på farten det meste av dagen; innimellom har eg rydda i huset, ordna med klesvask etc.
Då eg stod opp i dag tidleg var det frose på garasjetaket. Men Nils vakna våt av sveitte, slik han gjer av og til, så det vart dusjing og barbering før HBO 1 kom, og han fekk målt blodsukkeret før han fekk mat og medisin. Då klokka var vel 11 gjekk eg ned til kulturhuset og hjelpte til med borddekking etc. Gjekk heim att også, og då var eg innom Kiwi og handla litt. Det er alltid noko ein er lens for.
Laga litt lunsj til oss, og så var det ein liten pause før eg gjorde meg klar til å fare på møte. Då fekk eg sitte på med Marit både ned og opp att. HBO 2 hadde vore her mens eg var vekke. Eg laga til litt mat til Nils, og så kom HBO 3 innom og målte sukkeret. Han slapp sprøyte i kveld. Vi prøver med litt mindre prednisolon no, etter samråd med lege, og så får vi sjå om det går bra, eller om vi må auke dosen igjen.
Då vi kom heim att frå møtet såg vi at minst to av naboane hadde begynt å klippe plen, så no er det like før straks eg må ta ut klipparen, eg også. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første og det er bra.
I morgon har eg ei viktig oppgåve og det er å skrive referat frå møtet, etterpå disponerer eg tida mi sjølv. I alle fall til ein viss grad.
Eg har enno ikkje funne minnebrikka så eg må vel snart kjøpe ny.
Men eg snakka med biblioteksjefen i dag, Janne var der også, så no får eg bøker sendt heim med Janne. Bra hjelpsomme folk!
Bildet frå Vallasetra er det Gry Juel Engeseth som er meister for. Lånte det frå FB.
tirsdag, mai 09, 2017
Dagbok 2017: 9.mai
Klokka er 18.10, temperaturen er + 8 grader C, og det regnar passeleg og smått på hønsegjødselen eg hadde utover i går. Vêret er som bestilt, men så hadde eg sjekka vêrmeldinga.
No sit eg her med farge i håret og ventar på at det grå skal forsvinne. Eg prøver eit nytt merke, og Mariann lova at viss eg ikkje vart nøgd, skulle eg få ny farge gratis. Det eg ser er at den i alle fall sit godt fast på hendene, som eigentleg ikkje skulle fargast.
I dag har det meste gått etter planen, HBO kom til avtalt tid, klokka 10 og kl.16 -sistemann/kvinne kjem klokka 20. Nils er rimeleg bra i form, og åt godt til middag; i dag åt vi resten av Carlo-spekesilda med kålstuing til. Det verste er at eg et godt sjølv også-utan å trimme noko særleg, slik eg har gjort siste halvåret og vel så det.
I morgon blir det i alle fall litt trim, for då skal eg ned på kulturhuset og dekke på til pensjonistmøtet. Til sjølve møtet får eg sitte på med Marit.
Elles har eg gjort litt husarbeid i dag også, støvsuga for eksempel. Men hagearbeidet må vente til det blir opplett og varmare i vêret.
Måtte skrive blogg litt tidleg i dag, for det blir mykje TV utover kvelden. Semifinale nr.1 "Grand Prix" for eksempel. Eg blir sittande ein del framfor TV-apparatet i lag med Nils, for han er ikkje så fleksibel. Men så strikkar eg lestar og gjer nytte for meg på den måten.
Ingeborg ringde frå Spania der ho er for tida, ho hadde sett at eg etterlyste henne på FB.
Eg har enno ikkje funne att minnebrikka til fotoapparatet, så denne bloggen blir også utan bilde.
No sit eg her med farge i håret og ventar på at det grå skal forsvinne. Eg prøver eit nytt merke, og Mariann lova at viss eg ikkje vart nøgd, skulle eg få ny farge gratis. Det eg ser er at den i alle fall sit godt fast på hendene, som eigentleg ikkje skulle fargast.
I dag har det meste gått etter planen, HBO kom til avtalt tid, klokka 10 og kl.16 -sistemann/kvinne kjem klokka 20. Nils er rimeleg bra i form, og åt godt til middag; i dag åt vi resten av Carlo-spekesilda med kålstuing til. Det verste er at eg et godt sjølv også-utan å trimme noko særleg, slik eg har gjort siste halvåret og vel så det.
I morgon blir det i alle fall litt trim, for då skal eg ned på kulturhuset og dekke på til pensjonistmøtet. Til sjølve møtet får eg sitte på med Marit.
Elles har eg gjort litt husarbeid i dag også, støvsuga for eksempel. Men hagearbeidet må vente til det blir opplett og varmare i vêret.
Måtte skrive blogg litt tidleg i dag, for det blir mykje TV utover kvelden. Semifinale nr.1 "Grand Prix" for eksempel. Eg blir sittande ein del framfor TV-apparatet i lag med Nils, for han er ikkje så fleksibel. Men så strikkar eg lestar og gjer nytte for meg på den måten.
Ingeborg ringde frå Spania der ho er for tida, ho hadde sett at eg etterlyste henne på FB.
Eg har enno ikkje funne att minnebrikka til fotoapparatet, så denne bloggen blir også utan bilde.
mandag, mai 08, 2017
Dagbok 2017: 8.mai
Klokka er 18.00. Temperaturen er ca. + 7 grader C, det er overskya, men opplett. Men no ventar eg på regnet, sidan eg har hatt utover ein stor sekk med hønsegjødsel som treng å bli våt. Det er meldt regn, men enno er det tørt.
I dag kom HBO klokka 8.30, avtalen er framleis klokka 10.00. Eg var for så vidt oppe, men ikkje påkledd. Nils blei tatt på senga i dag også. Det er nye folk heile tida, så det hjelper lite å seie ifrå. Til gjengjeld kom pleiaren som skulle vere her klokka 16.00, klokka 16.30. Det er heilt greitt. Eg ringde legen i dag slik avtalen var, så no kan dei ta i bruk rommet til Nils . Han klarer seg framleis bra heime, et godt og er i rimeleg bra form. Meir kan vi ikkje vente. Han åt godt til middag i dag også, vi hadde samme menyen som i går.
Eg føler at eg latar meg litt for mykje no når eg ikkje vandrar, dessutan et eg godt eg også, no når eg var nesten "av-vande" med mat.
I dag før middag vaska eg grundig på badet og golvet på kjøkkenet, no har eg ein klesvask i trommelen som eg snart skal legge i hop.
Marit sende melding i dag om at ho skulle ned på Kiwi og handle og lurte på om eg ville vere med, og det ville eg. Eg skulle først og fremst kjøpe H-melk, men kom heim med tre stor plastnett fulle av "diverse".
Etter at vi hadde ete middag vart eg så sløv at eg sovna i stolen med lydboka. Det var etter det at eg spratt opp og gjødsla.
Håper på god grasvekst og god trim med plenklipparen. Vi har det så bra som vi kan ha det-og måtte det vare!
Elles synest eg det er fantastisk at Vebjørn Sand har gitt heile 26 maleri/bilde til Volda sjukehus. Håper dei finn stader å henge bilda der mange får sjå dei. Eg synest det er ein fin tanke å få kunsten ut til folket. På Ørstaheimen heng det mange fine bilde; der er det også mange som ser dei.
søndag, mai 07, 2017
Dagbok 2017: 7.mai.
Her har vi eit bilde frå i går. Konfirmanten ,Eivind; med besteforeldra på Kongsberg. Eg er så glad for at han har dei, og at dei er friske og raske, når vi "sviktar". (Sigrid og Arne er litt eldre enn oss.)
Klokka er snart 19.30, temperaturen er +10 grader C og det er lettskya og fint vêr. Tidlegare i dag var det heilt klårt, men isande kald vind. I morgon skal det visst komme regn. Då må eg ut og ha utover hønsegjødsel, såpass eg får gras å klippe på.
Dette har vore ein dag utan store problem, men med fleire små irritasjonsmoment.
Det første var at det ringde på døra klokka 8.00. Vi sov ikkje, men var heller ikkje oppe. Eg forstod med ein gong kva det var, så eg kom meg opp og tok imot HBO 1, som kom to timar for tidleg. Ho målte sukkeret til Nils men han låg i senga. Vi fekk altså ein litt flying start på dagen, Nils likar ikkje å stå tidleg opp, men eg plar no komme meg opp før klokka 9. Eg får legge til at vi ikkje kryp til sengs tidleg om kvelden heller.
På føremiddagen var eg ute på altanen og rydda litt, klipte vekk eføy etc. men det var utriveleg kaldt. Marit kom ein tur ned og heldt oss med selskap ei stund. Så laga eg skikkelig middag for ein gongs skuld. Eg har ikkje ete middag så ofte siste halvåret, men i dag åt vi godt begge to. Røykt skinke med bernaise og div.grønsaker smakte godt. Nils fekk dessert også, men ikkje eg . Kaffi og kaker litt seinare.(Fann nokre restar i frysaren)
Etter at vi hadde slappa av ei stund, hadde eg ein jobb med å lage eit lite sanghefte til pensjonistmøtet som vi skal ha komande onsdag. Ikkje at det var vanskeleg, men eg skulle prøve å få mest mulig over på eitt ark. Det blei tre ark som eg trykte opp og kjenga saman. Måtte skifte patron også. Og no fekk eg akkurat melding frå leiaren om at songane står i songboka. Det var så vidt eg ikkje tok livet av mobilen!
Møtet på onsdag er det siste i sesongen; når eg har skrive referatet har eg "fri" heilt til september.
Elles så finn eg ikkje att minnekortet til fotoapparatet mitt, det er ikkje så lett å finne att så små ting. Eg prøver å ikkje irritere meg over bagatellar- men det held hardt.
No har HBO 3 vore her. Nils måtte ta ei sprøyte klokka 16, men slapp morgon og kveld.
Margrete og ungane er komne heim, og eg reknar med at Solveig også er det. Dei tek ikkje samme vegen.
Nils har hatt ein rimeleg bra dag i dag også. Han sov ein god middagslur i stolen. No går det visst i fotball.
lørdag, mai 06, 2017
Dagbok 2017: 6.mai
I dag kan vi gratulere Eivind på Kongsberg med konfirmasjonsdagen. Han er den eldste av dei tre gutane til Rasmus. Solveig og Øystein, Margrete og dei to yngste av barna hennar har vore representantar for vår familie i dag; Nils og eg måtte halde oss heime, sjølvsagt.
Vi kan også gratulere Stein Inge, son til bror min, med 48 -årsdagen, og Lise som er gift med søskenbarnet mitt i Stryn med dagen hennar.
Alle har vore heldige med vêret sjølv om det ikkje er så varmt i dag som det var i går, i alle fall ikkje her i Ørsta. Akkurat no er det + 15 grader C, det er sol og klårt, men kald vind. Typisk mai-vêr på desse kantar.
I dag har eg ikkje vaska verken meg sjølv eller huset, så her ser liksom ikkje heilt streit ut. Grunnen til det er at eg har styrt på ute mykje av dagen. Først måtte eg få montert opp hageslangen så eg fekk vatna jordbæråkeren, denne vinden tørkar ut alt som er. Etterpå spylte eg stuevindua og altanen, som fekk seg ein liten "skur" i tillegg. Elles har eg tatt opp løvetannrøter og styrt med diverse i hagen, så no er det tid for korte negler. Har det med å sette i gang med både det eine og det andre utan å ta på meg hanskar og det straffar seg.
Einar kom innover ein tur på besøk, og det var hyggelig. Elles har vi hatt besøk av HBO to gonger, og så kjem dei att klokka 20.00. Nils har fått ei insulinsprøyte i dag også. Han er relativt bra, men blir fort sliten. Akkurat no ser han fotball, det blir mykje TV. Han hadde tenkt å legge seg ut på altanen i dag også, men det var for kaldt. Han får i seg bra med mat, men ikkje i nærleiken av det han åt då han var frisk. Vi er glade for kvar dag han er frisk nok til å vere heime. Og så må vi berre ta ein dag om gongen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026 : 7.oktober
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


