torsdag, mai 11, 2017

Dagbok 2017: 11.mai.

Klokka er 18.40, temperaturen er14 +  grader og det er lettskya og fint. Skulle i grunnen ha jobba ute i dag, men det var ymse anna eg måtte gjere.
Etter morgonstell og besøk av HBO 1, sette eg meg ned og skreiv referat til avisa. Det gjekk relativt greitt. Eg kan ikkje skrive så langt no når det skal inn på Folkeliv- sida.
Så kom Håkon innom med noko fiskeutstyr han hadde kjøpt. Det er slikt som livar opp Nils, og det blei litt jobbing ved kjøkkenbordet men knyting av sen etc. Eg hadde ein jobb på altanen, eg har løfta opp alle flakane og kosta vekk mange års rusk og rask som låg på plasten under flakane. Perfekt vart det ikkje, men i alle fall betre enn det var.
Til middag i dag laga eg ein gryterett med kjøttdeig, må lage noko som Nils vil ha.
Siste dagane har Nils fått 5 mg mindre prednisolon enn før; vi skulle prøve det nokre dagar, men viss han vart dårlegare skulle vi gå opp til 20 mg igjen. Vi er ikkje heilt sikre enno, så vi må prøve litt til. Som vanleg måtte han få ei insulinsprøyte klokka 16.00. Han har ikkje vondt, verker ikkje, men er veldig svak og blir fort sliten. Anna er vel ikkje å vente.
Eg har talt på knappane i dag om eg skulle klippe gras, men kom til at det skal eg vente litt med slik at gjødselen får virke. Dessutan er det mange løkplantar i plenane som bør visne litt meir før dei blir klipt. Eg fekk Håkon til å grave opp ripsbuska i dag, den skal få ligge litt slik at eg får banke av litt mold før eg fyller i hola og sår gras..
Mykje av ettermiddagen har eg sete ved datamaskina og rippa boka eg fekk på biblio i går. Den er på heile 18 CD-plater, så det spørs....... Mens eg rippa las eg ferdig boka eg heldt på med og strikka på ein lest.
I kveld blir det ESC-for alle pengane. Spent på om Norge går vidare. Eigentleg synest eg det er ganske kjedelig med alle dei songane og sceneshowa, men det er liksom ein familietradisjon å følgje med.

Ingen kommentarer: