onsdag, juni 11, 2008
Meir nostalgi.
1950-talet var det store tiåret for musicals;og tallause er dei song- og dansefilmane vi såg på kinoen i Valhall dei åra.Den tida var jo det å gå på kino stort sett det einaste underhaldnings-tilbodet vi hadde.Kinobillettane var heller ikkje avskrekkande dyre, 75 øre for born, og 1,50 kr for vaksne.Filmane vart viste i den store flatsalen i Valhall der det vart fyrt i to store, svarte rundbrennarar på kalde dagar, ein framme ved scena og ein bak ved døra. Midt i filmen var det pause, og då kunne det hende det vart litt bråk og tøys, men det gikk ikkje så lenge før vaktmesteren var på plass og snakka til oss.HAN hadde vi respekt for.Eg vart under ei durabelig skennepreike jaga på dør i full offentlegheit den gongen eg hadde "lurt" meg inn for å sjå SNEEN PÅ KILIMANJARO ca 14 dagar før eg fylte 16 år.
mandag, juni 09, 2008
Gamle bilde
Å blade i gamle album er både kjekt og vemodig. Det som er trist er at ein er blitt så mykje eldre enn ein var ein gong. Her er eit bilde av Svein frå sommaren 1957. Tippar at han er på veg heim frå bilverkstaden han jobba på i dei dagar. I bakgrunnen ser vi skulehuset som innheldt både folkeskule, realskule og gymnas. I 11 år gikk eg på skule her, flytta berre frå rom til rom i dei tre etasjane.Skulen brann ned til grunnen, men det var mange år seinare.Fossane påska 1958.
Trollenykjen hausten 1957
Dei yngre blogg-lesarane mine er stadig på lange fjellturar og klatrar opp på høge fjell. Derfor vil eg gjerne bevise at eg også har vore der- ein gong. Denne turen som Karen Marie og eg tok hausten 1957 hugsar eg dessverre ikkje så mykje av. Derimot husar eg svært godt då Ambjørg og eg tok same turen nokre få år seinare. Vi starta klokka 12 om natta ein fin sommarkveld og skulle sjå soloppgangen frå toppen. Trudde vi! Før vi nådde så langt pøsregna det. Men vi vurderte ikkje å snu, vi fullførte turen. No, nærmare 50 år seinare, mimrar vi om den turen nesten kvar gong vi snakkar med kvarandre.Eg treng vel ikkje å kommentere at bilda vi tok den gongen ikkje var av samme kvalitet som dei ein tek no.

lørdag, juni 07, 2008
Denne kosar eg med no.
Denne boka er skikkelig artig. Forteljar- stemma er lagt til ein ung gut, noko som lesaren(Christoffer Staib) meistrar kjempegodt. Kyrre Haugen Bakke har omsett boka til eit ungdommelig språk, som funkar perfekt så langt eg kan bedømme det.Somme opplesarar legg ein ekstra dimensjon til bøkene dei les.Les denne - som lydbok!!!
torsdag, juni 05, 2008
Olaug fyller år på svenska flaggans dag!
Kjære Olaug! Gratulerer så mykje med 11-årsdagen den 6. juni!
No har det vore like fint ver som det var den sommaren du vart fødd, håper resten av sommaren også blir like fin som han var i 1997.
Sidan du er så glad i kaniner og sjølv driv med hinderløp, tykte eg denne filmen passa å sende som helsing på dagen.
Når du kjem på laurdag, skal du få presangar.
Lykke til med selskapet på sjølve dagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026:22.november
Klokka er no17.56 .Temperaturen ute er minus3grader og det er klarver, står det på PC-en min. Eg har berre så vidt vore ute ein tur, for å h...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

