mandag, juni 09, 2008

Gamle bilde

Å blade i gamle album er både kjekt og vemodig. Det som er trist er at ein er blitt så mykje eldre enn ein var ein gong. Her er eit bilde av Svein frå sommaren 1957. Tippar at han er på veg heim frå bilverkstaden han jobba på i dei dagar. I bakgrunnen ser vi skulehuset som innheldt både folkeskule, realskule og gymnas. I 11 år gikk eg på skule her, flytta berre frå rom til rom i dei tre etasjane.Skulen brann ned til grunnen, men det var mange år seinare.

4 kommentarer:

solveig sa...

Det er artig med gamle bilde. Her tenkjer eg mest på kor få bygningar det var den tida. Bygdene er ikkje attkjennande.
Elles skulle eg ønske det fanst bilde frå kjøkena. Eg meiner å hugse at mormor hadde kaffikvern. No held det på å bli moderne att!?

Besta sa...

Ja, mamma hadde kaffikvern som hang på veggen. Sist eg såg den var den på kjøkkenet i 2.etasje på Hildegard.Ein hadde ikkje blitz på vanlege fotoapparat den tida, derfor er det fleste bilde tekne ute.

solveig sa...

Eg hugsar kvar komfyren stod, men ikkje korleis han såg ut. Kaffikverna må ha vore noko eg kvilte augene på. Kjekt at nokon teke vare på den. Elles meiner eg ferdigmalen kaffi er eit framskitt. På Asko måtte ein male kaffien. No har dei slik kvern på Meny. Det har vel vore slik med mange ting, at det gamle kjem tilbake, og dei som er gamle nok hugsar kva framskritt det var å få noko nytt! jfr fyllingsdører.

arieldog sa...

Og majones

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...