mandag, juni 09, 2008

Trollenykjen hausten 1957

Dei yngre blogg-lesarane mine er stadig på lange fjellturar og klatrar opp på høge fjell. Derfor vil eg gjerne bevise at eg også har vore der- ein gong. Denne turen som Karen Marie og eg tok hausten 1957 hugsar eg dessverre ikkje så mykje av. Derimot husar eg svært godt då Ambjørg og eg tok same turen nokre få år seinare. Vi starta klokka 12 om natta ein fin sommarkveld og skulle sjå soloppgangen frå toppen. Trudde vi! Før vi nådde så langt pøsregna det. Men vi vurderte ikkje å snu, vi fullførte turen. No, nærmare 50 år seinare, mimrar vi om den turen nesten kvar gong vi snakkar med kvarandre.
Eg treng vel ikkje å kommentere at bilda vi tok den gongen ikkje var av samme kvalitet som dei ein tek no.



8 kommentarer:

Elin sa...

Så koselege bilete! Realskulebygget rakk eg å gå i og, tenk det... Og Trollenykjen var eg l i t t nær i går, men tåka kom sigande, så eg var glad eg hadde med lokalkjende folk. Trollenykjen skal eg opp på i år! Men då kan det vere lurt å sjekke yr.no i førevegen!

Besta sa...

Meir spenning når ein ikkje har sett vermeldinga.
Då vi kom ned att på Os-setra den gongen, vurderte vi å bryte oss inn i eit sel. Vi var så våte at det rann av oss.

Hildegard sa...

Artige bilder. Du må scanne og sende viss du har fleire som kan ha interesse for nordfjordingane. Eg har laga meg katalogar for gamle bilder som eg scannar/lagrar. Trollenykjen har eg aldri vore på, var ein gong på "Sendaren" som ligg lenger aust, men no kan ein visst køyre nesten heilt opp dit frå Lotesætra.
Eidabesta

Besta sa...

Hadde scanna mange gamle bilde som gikk tapt då maskina kollapsa. Så dei må eg ev. scanne om att. Eg har ei utfordring til dykk:Ta bilde av gamle ting som enno finst på Hildegard, t.d. grammofonen,telefonar, kaffikverna etc.Bloggane blir som minnebøker for dei neste generasjonane.

solveig sa...

Eg har tenkt på det same. Dette å ta bilde av tinga sine, kan verke litt spesielt (var det ikkje ein av ungane som hadde ein kommentar der?), men i framtida er notida fortid!
Gamle kvardagsbilde er det for få av....

STRIKKEMOR(O) sa...

Artige bilete frå "gamle dagar"!!

Hildegard sa...

Skal tenke igjennom kva her er og ta bilder. Også viktig å brenne bilda på DVD viss trøbbel med maskina. Eidabesta

Besta sa...

Mykje av bilda mine har eg lagra på DVD, men så vart brennaren i ustand...Det var på den gamle maskina, no er alt i orden. Bilde som vert tekne no, vert også sende rundt til resten av familien, så dei forsvinn ikkje. R. lagrar sine bilde hos eit firma i tillegg.