torsdag, juni 05, 2008

Olaug fyller år på svenska flaggans dag!

Kjære Olaug!
Gratulerer så mykje med 11-årsdagen den 6. juni!
No har det vore like fint ver som det var den sommaren du vart fødd, håper resten av sommaren også blir like fin som han var i 1997.
Sidan du er så glad i kaniner og sjølv driv med hinderløp, tykte eg denne filmen passa å sende som helsing på dagen.
Når du kjem på laurdag, skal du få presangar.
Lykke til med selskapet på sjølve dagen.

4 kommentarer:

Olaug sa...

takk for helsinga. fin/flink kanin!

Anonym sa...

Det er stadig nokon som har bursdag av barnebarna dykkar. Trur dei fleste hos dykk må ha bursdag om våren! Olaug ser ut til å vere ei flott jente. Ho ser så roleg og klok ut! Moro å lese om då du kom på jobb med forkle under kåpa. Kanskje vi "mat og helse-lærarane" skulle ha prøvd det ein dag! Det går mot slutten av skuleåret, og det er herleg! Skulen vår skal byggast ut neste skuleår, så vi har litt ekstra å ordne før vi kan ta sommarferie. Vi skal flytte alle arbeidsplassane inn på eit stort klasserom. Rommet vi er på no skal byggjast om til administrasjonen og så skal vi lærarane få ei heilt ny fløy!! Ha ei fin helg!! Hilde

Olaug sa...

eg har sett den filmen mange gongar no. Den var så spennande! Nusse er veldig flink å hoppe han også, men han legg seg nesten heile tida ned eller begynner å ete gras. Men han er flink til å hoppe stige. Det brukar eg og venninnene mine å gjere med kaninene våre.
Eg hugsar ikkje om det var Nusse eller Sniffe, men ein gong tok vi han inn og henta ein salatbit, så lokka vi han over eit hinder ( høge bøker som vart satte opp på sommet mitt ) Vi/eg og Håkon hadde mange kasser på sidene for at han ikkje skulle hoppe ut på sidene.

Dette trur eg er nok skreve for i kveld! frå Olaug

Besta sa...

Ni av ti barnebarn har bursdag i første halvår, berre Erlend har om hausten, 24.november.Til gjengjeld har begge bestefedrene bursdag i same månaden.
Når eg høyrer om ombygging av skule, klasserom etc. kjenner eg den situasjonen så altfor godt. No er det forresten ei omgripande om-og påbygging som går føre seg på Velle. Glad eg ikkje er der no!

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...