fredag, oktober 01, 2021


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er + 15 grader C og det har så smått begynt å regne. Eg kom nettopp inn att frå ein liten tur på Vernet. Det er faktisk begynt å mørkne litt tidleg på kveld, og det enda vi har sommartid.

I dag har eg vore ganske flink (for alderen) og fått gjort litt inne i huset også. Først pussa eg stuevindua på innsida, så støvsuga eg alle teppegolva før eg vaska og shina kjøkken og bad. Etter ei liten pause sette eg på ei panne med risgraut som skulle stå der og koke mens eg gjorde ferdig sudokuen som var i Møre-Nytt. Eg heldt på i går kveld utan å få den til, men i dag kom eg i mål etter halvannen time. Sudoku bygger ikkje på kunnskap ,men på tenking.Eg kom på ein tanke mens eg sat og jobba med saken, at dette hadde mor mi likt. Ho likte godt kryssord, men sudokuen triggar logisk tenking. Det skal vere bra for gamle folk som hjernetrim. Det er for så vidt kryssord også. At grauten svidde litt ned i botnen, minte meg om at eg skal kjøpe ei ny, lita grautpanne. Då eg endeleg fekk ete, var klokka 15.30 og eg var så svolten at eg åt opp alt. Så vart det litt kaffi, strikketøy og Serie før eg tok turen på Vernet. Kva eg skal gjere i morgon veit eg ikkje, men no vil eg i alle fall ønske alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...