lørdag, oktober 02, 2021

Dagbok 2021: 2.oktober


 Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 16 grader; det er nydeleg lettskya vêr. Sola varmar godt både ute og inne. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet.

Eg hadde tenkt å bevilge meg ein fridag i dag, så eg la ikkje opp til noko arbeid verken ute eller inne. men eg visste ikkje kva eg skulle ta meg til. Eg sende melding til Marit og spurde om ho ville vere med ein tur til Vik og det ville ho.Vi for ned på ALTI og kjøpte oss kaffi og kaker-lenge sidan sist vi gjorde det. Det vart ikkje til at vi handla så mykje, sjølv om vi såg oss litt omkring.  På -nille kjøpte eg litt garn, for eg har diverse restar som eg skal bruke opp, og då må eg ha litt å skøyte på med. Neste stopp var SPAR der vi kjøpte litt matvarer. I går begynte eg å tenke på ein rett som eg laga før i tida, og som pappa likte så godt. Vi kalla den "Ferskt kjøtt og suppe" . Det er kokt oksekjøtt med grønsaker og lys sur-søt løksaus eller  frikasé-saus. Eg hugsa eg laga det ein gong då vi budde på Melle og svigermor var på besøk, ho hadde aldri smakt retten før, men likte den godt. Eg såg etter på butikken  og dei hadde oksekjøtt med bein, ferdig oppskore. Så viss nokon har lyst på, kan eg lage i haustferien.

Då vi kom heim og sat i bilen på tunet og prata, kom det ei dame som eg kjenner godt, ho ville ha meg til å skrive noko; eg prøvde å forklare at maskina mi ikkje var i orden, men gav til slutt opp og lova å gjere det. Då var klokka blitt så mykje at eg gad ikkje å begynne å lage middag, men åt skive med sursild og raudbetar. Og så gjekk eg ein tur på Vernet mens eg var skikkeleg kledd. Slik har eg brukt fridagen min. Eg bryr meg ikkje om å gjere noko i hagen i dag når eg går skikkeleg kledd for ein gongs skuld. Eg skal snart sette meg til å strikke og sjå TV-men må vel sette på ei vaskemaskin om ikkje anna.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...