søndag, oktober 03, 2021

Dagbok 2021: 3.oktober



Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 17 grader  og vi har hatt ei stund med veldig fint vêr og sol, det ser ut til at det skyar over igjen.

I dag morgon regna det, så då fann eg ut at det var høveleg vêr til å koke sylte av solbæra som eg hadde i frysaren. Det vart gjort og så tok eg like godt og kokte litt plommesylte også. Og til slutt kokte eg grønsaksuppe med pølsebitar som eg skulle ha til middag. Det vart litt arbeid med å rydde opp att, så det vart ikkje så lenge før det blei middag.  Etter at eg hadde ete sette eg meg med kaffikoppen i hand til å sjå TV. Eg fann ein film på Netflix som heiter "Rebecca". Eg hugsar at eg las boka for aldri så lenge sidan. Eg trur eg har sett ein svart/kvitt film også, men det er veldig lenge sidan. Det eg hugsar var at både boka og filmen var litt spennande.-Men etter kvart vart det nesten umuleg å sjå for det vart så lyst ute. Då såg eg at sola hadde kome fram og det var heilt nydeleg ute. Det var berre å kle seg om litt og gå ein tur på Vernet. Det var mange andre også som hadde tenkt det same. Eg eksperimenterer litt med å ta bilde rett mot sola-som de ser.Det kom nokre skyer igjen, men no skin sola så fint som aldri før.Eg har noko eg må skrive og få sendt før den 7. Men eg orkar ikkje å begynne med det i dag. Må ha litt å styre med i morgon også. Elles tenkjer eg på at eg skulle ha vore på VØR. Men i morgon er eg min eigen herre og gjer det eg vil.


.







 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...