Klokka er no 16.40 og temperaturen ute er + 13 grader. Det er overskya, men det har stort sett vore opplett i dag. Sola var også framme ei stund.
Etter frokost sette eg meg til å gjere ferdig eit lestepar før eg begynte på dagens program. Det første eg gjorde var å skrive noko som Kristin Graff hadde "spurt" meg om . Det går fint å skrive på Storemaskina og printe ut, men ikkje sende.
Så lessa eg fem store svarte sekker med hageavfall inn i bilen og køyrde på VØR og tømte dei der. Eg fekk ikkje med alt hageavfallet mitt, og eg tenkte på å køyre ein tur til, men bestemte meg for å vente til eg har fullt lass. Det var fint vêr då eg kom heim, så eg tok ein tur på Vernet mens eg hadde ytterkleda på meg, men eg bytte sko og tok på HOKA-joggeskorne for vegen på Vernet kan øydelegge vanlege sko. Eg var der åleine først, men så begynt det å komme meir folk etter kvart. Eg kom heim att akkurat til middagstid, så det vart å varme opp suppa frå i går.
Eg fekk ei melding frå Eli om at Jostein Mo venta på Bok og Perm frå Pensjonistlaget. Eg visste at han skulle ha det, men trudde han kom og henta det. Eg ringde Jostein Mo. Veit dokke kor mange som har det namnet?-prøv 1881. Eg søkte på Jostein Mo Ørsta og trudde eg hadde funne den rette, men det hadde eg ikkje- for det er to her også og begge bur på Mo. Men eg fekk no til slutt den rette på tråden og avtalte at eg skal levere bok og perm på "Samleriet"- som han og kona driv i huset til Signy Digernes. Eg vil ikkje seie at eg har telefonskrekk akkurat, men eg likar lite å snakke i telefonen - særleg med folk eg ikkje kjenner så godt.
Då var det tid for kaffipause, og så skulle eg sjå resten av serien som eg såg i går kveld, eg fann den, men den slutta brått. Samme kan det vere. Klokka er berre 17.00 så eg får vel finne på noko nyttig å gjere . Det må bli noko inne for ute regnar det igjen. Ja, det har no kome både nok og for mykje regn mange stader, så no blir det vel billeg straum. I morgon er det trening, på onsdag er det både spansk og pensjonistmøte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar