tirsdag, oktober 05, 2021

Dagbok 2021: 5.oktober

Klokka er no 18.45, temperaturen ute er + 12 grader C, det er skya, men opplett og ganske fint. Eg hadde ikkje tenkt å gå på Vernet i dag, men freistinga vart for stor. Eg kom nettopp heim igjen.
I dag stod eg rimeleg tidleg opp, for eg får så vondt i ryggen når eg ligg så lenge, når eg kjem i bevegelse går det bra.Vi skal ikkje møte på trening før kl.11.20 så eg fekk tid til litt skriverier før vi for. Etter treninga handla vi på Spar, og så måtte vi sitte i bilen og kvile oss litt. Då eg kom heim sette eg frå meg varene og KØYRDE ned i Olavsgata til Kirstin med det eg hadde skrive. Og då eg kom heim att var naboen ute i hagen så vart det litt prating. Då hadde eg somla så lenge at eg berre måtte begynne på middagen, som i dag var "Pasta Carbonara". Det var godt, eg skulle heller ha laga tomatsaus, men det får bli ein annan gong. Sette på oppvaskmaskina og tok ein kaffikopp og slappa av ei stund. 
Så gjekk eg ut og saga ned stammen som stod att av plommetreet. Resten får berre stå litt til, så skal eg grave fram røtene og sage dei. Det er ikkje første gongen eg demonterer eit plommetre. Nedfallsepla hadde eg hatt ned i ein sekk, dei blei ikkje betre av den grunn, dei både mygla og rotna, så no fylte er tre grøne bossposar og la dei i dunken for matavfall, så blir dei henta i morgon. Det er ikkje eg som er så lur, eg hermar etter naboen. Ho gjorde det slik med plommene.
I morgon er det spanskkurs frå kl.11-13. Og så skal vi i styret dekke på borda på kulturhuset. Om det blir før eller etter spansken veit eg ikkje enno. Det er det einaste vi i styret har ansvaret for, resten tek Eldrerådet seg av. Eli kunne fortelje meg at ingen har sete i styret for pensjonistlaget  lenger enn eg.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...