torsdag, september 16, 2021

Dagbok 2021:16.september




Klokka er no 15.40, og eg er nettopp ferdig med middagen. Det er + 15 grader på trappa og det ser ut til at det skal lette opp litt -det har regna meir og mindre i heile dag. I dag vart det ikkje noko somling på morgonen, rett etter frokost sette eg meg til å skrive referat frå møtet i går. 

Eg var ferdig til å sende det til avisa i 10-tida og det gjorde deg. No angrar eg på det for det kjem ikkje før i tysdags-avisa uansett. Der er noko tull med Word-programmet, så eg må skrive direkte på e-posten. No går eg og fantaserer om alle feil eg kan ha gjort. Eg fekk raud strek under nesten alle orda, sidan eg skriv på nynorsk. Eg forstår det ikkje, for eg har maskina innstilt på nynorsk. Eg får raude strekar her også. 

I dag var det trening frå 12.30-13.30, vi brukar å seie "God helg" når vi går frå treninga på torsdagar. Og slik føler eg det no. Eg er ferdig med pliktene for denne veka, no kan eg kanskje få gjort litt i huset sidan eg ikkje får gjort noko i hagen. Men viss vêret blir betre, kan det bli ein tur på Vernet, der har eg ikkje vore sidan sist sundag.

Eg har ingen planar for helga, men det dukkar vel opp noko............ I dag fekk eg avisa MØRE i posten, så då har eg lesestoff. Og i kveld er det sudoku i Møre-Nytt på nettet. Eg har ei bok på Storytel som går mot slutten og ei anna som eg ser fram til å lese. Så har eg strikketøy ,og TV med mange kanalar og Netflix. Eg kan ikkje forstå at det går an å kjede seg. Det første eg skal gjere no er å koke meg ein kopp kaffi og slappe av ei stund.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...