søndag, september 05, 2021

Dagbok 2021- 4.september



Sjølve konfirmasjonsdagen. Humanetisk konfirmasjon på "Krona" . Konfirmant Vebjørn.

Eg vakna tidleg, og begynte å nyse og snufse som om eg var forkjøla- men det var eg eigentleg ikkje, trudde eg, og ikkje hadde eg korona heller. Etter litt diskusjon med meg sjølv, bestemte eg meg for å halde meg heime og ikkje risikere å nyse under seremonien. Såg for meg at alle frammøtte skulle sjå stygt på meg. I disse koronatider er det ikkje så bra å nyse. Rasmus stilte datamaskina inn på Streaminga av seremonien. Wenche og Rasmus hadde jobba frå tidleg morgon for å få alt i orden, vi skulle vere 20 gjester i eit ikkje altfor stort hus, så dei hadde gjort klart eit Party-telt ute i hagen som vi kunne ha under middagen. Viss berre vêret vart litt finare, det var skya og tilløp til regn. Men det var lov å håpe. Eg vart sittande heime åleine , men skulle sjå streaminga, Maskina talde ned, men i det seremonien skulle begynne, datt det ut. Eg plagdast ei stund med å få det til, men gav opp. Middagen var bestemt til klokka 15, så då dei kom att frå "Krona" kl 14 +vart det mykje å gjere utan at eg kunne hjelpe til så mykje. Men Wenche, Rasmus og dei to store gutane jobba på., Vi måtte gi opp Party-teltet, så det vart ekstra bord og stolar inne. Dei vaksne sette opp borda og gutane dekka. Då var allereie Margrete & Co komne, så praten gjekk langsmed. Ikkje så veldig lenge etter tida var alt klart og vi kunne sette oss til bords og ete mange gode rettar som Wenche hadde gjort klart i god tid. Då var også foreldra til Wenche komne ,+ broren hennar med familie. Vi åt og kosa oss rundt tre bord. Audun kom i kapteis uniform, med to ekstra stjerner.

Så vart det dessertbord, med molter som foreldra til W. hadde plukka+krem og kransekake. Det var mor til W. som hadde laga den . Og ho er eldre enn eg.  Sidan vi alle kjenner kvarandre frå før, vart det ikkje så høgtideleg, men kosa oss det gjorde vi. Nokre tok ein tur ut på tunet, og andre sette seg i party-teltet. Litt seinare vart det kaffi og mange gode kaker. Ja, som alle veit er slike selskap ofte eit etegilde av dei store. Stor var også oppvasken, så oppvaskmaskina gjekk til langt på kveld, etter at gjestane hadde fare, utan at den vart ferdig. Sjølve konfirmanten fekk vel litt ekstra merksemd,  Men søskebarna kjenner kvarandre nokså godt så dei likte å komme i lag. Ein av grannekattane stilte også opp, det er Ingar som kosar med den. Det er ein nydeleg katt, synest eg også. Eg har ikkje tatt skikkelege bilde, men berre knipsa litt rundt omkring, men det blir vel eit offisielt bilde av konfirmanten med tid og stunder.

















Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...