torsdag, september 02, 2021

Dagbok 2021: 2.swptember

 


Klokka er no16.15, og temperaturen er + 15 grader C. Det har vore skyer, skodde og litt regn i dag, men no ser det ut som det lettar opp. Eg sov veldig godt sist natt og vakna vel ikkje før 8 i dag. Sidan vi skulle på trening kl 12.30, prøvde eg å få gjort litt før den tid. Eg rydda kjøkkenet og begynte å pakke kofferten min før eg gjekk ut og plukka plommer- Eg vil redde mest muleg før eg fer. Etter treninga gjekk eg ut på ein ny butikk i gågata, dvs. den har no vore der ei stund utan at eg har besøkt den. Det eg ville ha var ein litt sid overdel til den svarte buksa mi. Marit for heim for å lufte hunden mens eg gjekk ut gata. Dei var veldig hjelpsomme og hyggelege dei damene som var der, det var vanskeleg å finne akkurat det eg ville ha, men det enda no opp med at eg kjøpte ein slags bluse i svart , kvitt og gull. Ein einsfarga topp i "fløyel" fekk eg til tilbodspris. Eg tek no med meg litt av kvart og ser det an. Eg kunne ha hatt den blå kjolen, men den blå buksa som høyrer til er noko velbrukt. Eg kunne ha kjøpt ei ny blå bukse, men har ikkje tid til å legge den opp no. Marit kom ned att på butikken etter at ho hadde lufta Arya og var rådgivar. Eg har aldri prøvd så mange plagg på ein gong før- Butikken heiter Aandahls  og den er på nedsida av gågata, nesten heilt ute, dei har visst butikk i Molde også m.a. Veldig hyggeleg betjening som ikkje prøvde å prakke inn på meg noko som helst. Marit er spent på kva jentene mine seier om det eg har kjøpt. Men eg fann eit smykke etter mamma, som er perfekt til "blusen" i alle fall. Eg skal ta med meg alternative klede om ikkje blusen fell i smak. No har eg tenkt meg ut og sage ned det minste plommetreet og berge plommene som er att. Håper Gudmund får orden på bilen min i dag.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...