onsdag, september 01, 2021

Dagbok 2021: 1.september.

 

Klokka er no 16.45, temperaturen er  + 13 grader og det regnar. Ikkje det finaste vêret vi kunne ønske oss til pensjonistturen. Men det regna ikkje før det leid på dag, og då var vi under tak. Marit køyrde oss til bussen i dag, min bil står framleis på stallen. Vi køyrde non stop få Ørsta til Viddal. Slike turar tok Nils og eg ofte, men det er ei stund sidan no. For meg var det kjekt å sjå att bygdene, som før høyrde til Ørsta, men no er ein del av Volda kommune. På Viddal var vi inne i det gamle skulehuset der lite er forandra sidan skulen vart lagt ned. No er det som eit museum for alle skulane i Hjørundfjorden/Storfjorden. Med oss hadde vi ei som er godt kjend med i historia i område, nemleg Synnøve Rekkedal Hill. Ho er leiar i ei "forening" som tek vare på  historiske bygningar og anna av historisk verdi. Ho var veldig flink å fortelje, og snakka høgt og tydeleg til oss meir og mindre tunghøyrde pensjonistar. Ho er vel for så vidt pensjonist sjølv-men har mange jarn i elden. Ho fortalde ikkje berre om skulen , men om anna som høyrde bygda til, i fortid og notid. Ho var med oss på heile turen, og fortalde litt om dei ulike bygdene og om folka som budde der. Vi hadde bussen med oss heile tida, og neste stopp var kyrkja på Bjørke. Først då vi kom dit, hugsa eg at eg skulle ta bilde. I kyrkja møtte vi John Inge Leira Bjøringsøy, som er organist der. Han fortalde om kyrkja om korleis bygdefolket hadde samla seg om å få bygt eit gudshus på staden. Kyrkja er berre vel 100 år gammal, men ser ut som den kunne ha vore eldre. Dei dristige fargevala er vel det som vi først merka oss. Organisten spela på eit gammalt og eit nyare orgel, og vi song nokre salmar.

Så var vi inn på ein gammal butikk, som no er eit slags butikk-museum. Butikken står som då den var i bruk, og opp ei trapp var hybelen til butikkdama.  Vi var også og såg til nokre gamle naust og eit større sjøhus som er brukt til konsertar etc. Så tok vi på heimvehg, men stoppa på Josybuda på Kalvatn der vi fekk middag. Det var sosakjøt og karamellpudding + kaffi. Og alle var samde om at vi hadde hatt ein fin tur. Regnet kom ikkje før vi var i hus, og då var det ikkje så farleg.
Eg sa ifrå til Eli at eg kunne ikkje skrive avisinnlegg om turen, for eg hadde så mykje anna å gjere før eg skal reise til Kongsberg. Eg skal blant anna kjøpe med nokre klede når eg får bilen til å gå, og så reiser vi til Kongsberg på fredag f.m. Eg får ikkje plukka plommer i dag, men kanskje i morgon?  Då er det dessutan trening, og så må eg pakke-. Eg har ikkje vore ut og sett til bilen enno, og eg veit ikkje om Gudmund har fått tak i batteri.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...