tirsdag, august 31, 2021

Dagbok 2021: 31.august

 Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 17 grader, det er skya, men opplett og fint. 1.august er ein dato som minner meg om gamle dagar. Pappa hadde fødselsdag den dagen, og 1.september begynte skulen etter ferien. Så pappa sin fødselsdag vart liksom slutten på sommaren. August er favorittmånaden min, med lune mørke kveldar , frukt og bær. Slik oppfattar eg den månaden. Men september kan også vere fin. Håper det blir nokolunde bra ver i morgon for då skal eg på dagstur med Pensjonistlaget. Vi skal til Bjørke og Viddal og sjå oss omkring og så skal vi ete lunsj der inne. Dette området har vore ein del av Ørsta kommune så langt tilbake som eg veit. Men no har Volda tatt over. Det har vel noko med reisemåtar å gjere, Før var det fjorden og båtane som var sambandet, no har vegar og bilar tatt over-

I dag stod eg rimeleg tidleg opp og sidan vi ikkje startar treninga før 11.20, så hadde eg god tid til å farge håret mitt før trening. Denne gongen hadde eg valt fargen "Blond", men håret vart no ganske mørkt likevel- Etter treninga var vi ein tur på Alti og handla aldri så lite, før vi for heim. Eg jobba litt ute med å plukke plommer før eg åt middag. Den var ganske lettvint i dag. Etter at eg hadde ete, gjekk eg ut i garasjen og tømte og vaska den frysaren som står der, Det var fiskefrysaren vår, men der har vore lite fisk i seinare tid. No har eg tenkt å fylle den med plommer. Dei andre frysarane er stappfulle. Så plukka eg enda meir plommer og fekk dei i frysar. Men der er mykje att. Eg tenkjer som så at viss eg stussar eine plommetreet og fjernar eit anna kan det bli lite plommer neste år, så det kan vere bra å ha eit lager sylteplommer. Eg et mykje sylte både heimelaga og kjøpt, men eg synest den heimelaga plommesylta er den beste. 

Det gamle batteriet som er i bilen min let seg ikkje ladde opp att, så det blir vel å kjøpe eit nytt. Marit køyrde på treninga i dag og ho køyrer også ned til bussen i morgon. Det går bra berre ei av oss er køyrbar. I morgon skal vi besøke ein gammal skule på Viddal, og då skal Eli høyre meg i bibelsoge der, så i kveld må eg ta fram boka og friske opp kunnskapane mine. Den siste klassen eg hadde på Velle elska bibelsoga, særleg når eg fortalde  frå det gamle testamentet. Eg synest det er synd at ikkje barna får med seg dette no. Der er så mange spennande historier. Og i desse historiene finn vi opphavet til seiemåtar som enno er i bruk. Til dømes "David og Goliat"-kva seier dette uttrykket oss viss vi ikkje kjenner historia. No held sola  på å kome gjennom skylaget og det lysnar opp ute. Eg fekk lyst å gå ein tur på Fonnvernet, men har bestemt meg for å la det vere. I går var eg veldig låk i venstrefoten, men då eg vakna i dag var eg heilt bra. No vil eg ikkje at den skal bli vond igjen . Eg vil  heller finne fram ein kaffikopp og  vente på Nyheitene. Men først må eg ta eit vêrbilde.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...