mandag, august 30, 2021

Dagbok 2021: 30.august


Klokka er 16.00, temperaturen ute er + 17 grader, der er overskya og opplett. I dag tidleg vakna eg med ein veldig vond venstrefot, verkte frå hofta og nedover leggen. Eg var heilt klar for å legge meg på operasjonsbordet for å fornye hofta mi. Men eg hadde planar for dagen, eg skulle plukke plommer og eg skulle klippe plen- plenklippinga sette eg på vent, men plommene skulle plukkast, så eg starta der. Eg plukka både på marka og på treet, somme kvistar vart klipte også. Trea ser ikkje ut, men det eine skal i alle fall vekk, det vart bestemt for fleire år sidan.Det andre skal kraftig beskjerast. Då eg hadde plukka ein god del plommer , ville eg klippe graset på plenen om ikkje anna. Det er vel ingen som kjenner meg som tvilar på at heile tomta vart klipt? Klipparen vart spylt og sett på stallen igjen. Det er så rart med føtene mine, når eg har noko å halde i så kan eg gjere nesten kva som helst. Marit samanlikna det med å gå med handlevogn på butikk-


I går snakka Svein og eg om alle bærsortane vi har i hagane våre. Eg hadde ein sort meir enn han, for eg har bringebær- I år har eg plukka solbæra, ripsen og stikkelsbæra og frose, bringebæra et eg opp etter kvart. Eg har forresten ein liten jordbæråker også, som skal bli større neste år. Det einaste eg har å ete på no er blåbæra. Eg har to små busker, ei frå i fjor og ei som eg planta i vår. Den frå i fjor har det vore litt bær på. Sjølv om det er mykje arbeid med å ha hage , så ville eg ikkje unnvore den. Eg likar hagearbeid, og hittil har eg greidd det eg skulle. Korleis det blir framover veit eg sjølvsagt ikkje, men eg skal i alle fall ikkje gå på Vernet i dag.
Eg laga meg ein nydeleg middag då eg kom inn att. Då vart  ein av livrettane mine severt etter ein liten halvtime. Som før sagt er eg glad i spekesild, og det er ikkje så lenge sidan eg hadde det. Då hadde eg kjøpt frosne filetar på Kiwi, og dei var OK. Men då eg var på Coop på laurdag kjøpte eg ein pakke med vakuumpakka sild, der er berre to filetar i pakken, men det held akkurat til meg. Og den silda var himmelsk god! Når eg et sild tenkjer eg alltid på mamma, for ho var også glad i sild. Då ho vart gammal hadde ho ikkje så veldig appetitt, men spekesild, det hadde ho lyst på- Eg  har elska spekesild sidan eg var ganske liten, men eg trur ikkje ungar i dag har smakt det ein gong. Ikkje foreldrene heller kanskje? Eg serverte silda med kokte poteter, kålstuing og sylta rødbetar. Det var vidunderleg godt.
Eg hadde tenkt å kjøpe meg litt nye klede til eg skal i konfirmasjon, men no kom eg meg ikkje på butikk sist laurdag, som eg hadde tenkt, men det blir vel ei råd. I morgon køyrer Marit på trening, bilen min skal stå til onsdag eller torsdag for at batteriet skal komme heilt opp igjen. No kjenner eg at eg blir litt tørst, så eg skal sette på kaffien.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...