onsdag, september 22, 2021

Dagbok 2021: 22.september

 

Klokka er no17.05, temperaturen ute er + 12 grader. Akkurat no er det opplett ute, men det har regna nesten i heile dag. I dag skulle eg ikkje på noko, så då var det å finne seg jobbar her heime- inne. Det har vore ein UTE-sommar så lite har blitt gjort inne i huset. I dag begynte eg med å bytte på senga mi, vaske soverommet og fare over dei andre golva sidan eg var så godt i gang. Klesvasken vart sett på og det vart rydda litt i vaskekjellaren. Eg hadde ein heil sekk med nedfallseple ståande. Dei er ikkje brukande til så mykje, men når ein renskar dei med hard hand kan ein få nok til ei lita "koke" med eplemos, slik eg gjorde i dag. Elles driv eg og repeterer spansken, sidan vi skal begynne på igjen komande onsdag. Mandag førstkomande er det styremøte i pensjonistlaget, så då blir eg opptatt alle føremiddagane  før vi kjem til fredag. Desse dagane når eg skal ut på føremiddagen, blir det lite gjort heime, og eg har faktisk ein god del å gjere ute viss det blir bra vêr. I dag tok eg ein sekk med kvister frå plommetre blant anna og brende i omnen. Det vart ikkje så mykje varme av dei, men eg fekk ein sekk mindre å fare på VØR med. Dei tynnaste kvistane er ikkje noko å fyre med, men eg har fleire sekker med kvistar og greiner som eg kan brenne i omnen. Eg prøver å spare litt straum no når den skal ha blitt så dyr. Men noko må ein bruke. Eg har snakka med Even og han kan selje meg ved i år også. I dag vart det oppattvarma ertersuppe til middag og kaffi til dessert. Eg hadde ein pause med TV og strikketøy før det letta opp såpass eg fekk ta inn att golvteppa. No ser det ut som om det blir fortsatt opplett og då kan eg gå ein tur på Vernet. Der kan ein gå om det ikkje er så tørt. Så får eg sjå om eg finn noko å fotografere på min veg.

                                                          Mykje vatn i Vike-elva i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...