søndag, september 19, 2021

Dagbok 2021: 19.september.

Klokka er no18.35, temperaturen ute er + 16 grader C. Det regna sikkert litt sist natt, men i dag har det vore opplett og litt sol. Støvsugaren kom fram på føremiddagen, for no hadde den fått ny pose. Støvsuga stua og gangen; så sette eg meg til med strikketøy og radio ei lita stund. 

Eg bestemte meg for å gå tur tidleg på dag. Eg var låk i hofta i natt og i dag tidleg, men det gjekk over. Då eg kom bort til Vernet trefte eg eit ektepar som eg kjende og prata litt med dei. Etterpå lurte eg på om eg tok feil, men uansett kven dei var så kjende dei meg. Då eg hadde gått eit lite stykke tok eg att Hjelle-familien, mor, far to døtrer og to hundar. Eg vart gåande i lag med dei eit stykke, mora og eg danna baktropp. Den neste eg møtte var ei som var helsesøster her for nokre år sidan, men ho kjende meg att. 

Eg nærma meg dei siste benkane, det står to benkar med utsyn til heile staden, der ville eg sette meg ned, men det sat ein mann på den eine benken, ein eg ikkje kjende, så eg ville gå fort forbi. Men han snakka til meg og det endte med at vi sat på kvar sin benk og prata aldri så lenge. Eg aner ikkje kven han er, men det virka som om han kjende meg- litt. Men så vart det tid for å gå heim og lage middag. Då trefte eg ei som eg kjenner godt; vi har vore i lag i styret til Pensjonistlaget, og så vart det enda ein prat- . Som de forstår er det veldig sosialt å gå på Vernet, særleg søndag før middag. Det Fonnvernet har hjelp mange i Koronatida, for der snakkar vi både med kjende og ukjende, og kan vere litt sosiale. Mitt problem er at alle andre er blitt så gamle at eg ikkje kjenner dei igjen.

Til middag i dag laga eg steikt ørret, med poteter og grønsaker, og det smakte godt. Eg tok eit par bilde i dag som eg ville legge inn på datamaskina, men ho skapte seg vrang og ville ikkje ta imot. No har alt virka som det skulle og bildeprogrammet har vore OK. No måtte eg ta fram att laptopen som eg sette vekk før på dagen , og legge bildet inn der.

Marit inviterte meg på kaffi kl.16, og då gjekk eg opp dit, og kom ned att for ei lita sund sidan. Ho har vore åleine i helga, for Janne og familien har vore på hytta. I morgon skal Marit og eg til Ulsteinvik. Vi har time klokka 14.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...