mandag, januar 14, 2019

Dagbok 2019: 14.januar



Klokka er no 19.20, temperaturen  minus 1 grad og det snøar framleis. 
Eg har i alle år ønska at vi hadde eit overbygg over trappa vår, og i det hadde det sanneleg vore bruk for det. Det hadde kome mykje snø i løpet av natta, så det var ikkje råd å gå ut utan å grave fram trappetrinna. Eg hadde ikkje ærend ut, så eg gjorde ikkje så mykje av det. Eg sende melding til Eli at eg kunne ikkje komme på møtet. Svaret var: "Eg hentar deg kl.11.40". Eg tok ein dusj, vaska håret og hadde på meg reine klede. Så fekk eg ny melding: "Magnar hentar deg". Same for meg. Eg tok spaden og laga ei lita rås frå trappa og opp på vegen. Og Magnar kom, så i dag fekk eg køyre i ein Citroën.
Møtet varde berre ca.1 time og så køyrde Magnar meg heim att. Og takk for det. Ein av naboane, eg tippar at det var Torbjørn, men er ikkje sikker, hadde fresa eller mòka tune. Silje tok vekk snøen framfor bilen sin. Før ho flytta inn hos oss gjorde eg henne merksam på at ho kanskje måtte mòke snø sjølv, det er ein av grunnane til at eg ikkje tek så høg husleige.
Eg begynte på halskanten på genseren i går og heldt fram i dag, men så fann eg ut at eg ville strikke på tynnare pinne, tok opp att heile greia og strikka på ein tynnare pinne. No er eg ferdig, men vil ikkje felle av før eg høyrer kva Solveig seier. Ho kjem innover i løpet av veka.
Elles åt eg siste resten av laurdagsmiddagen i dag. Då har eg ete middag tre dagar på rad og treng ein pause.
Sist natt vakna eg og verkte i føtene og hofta igjen, men etter litt tablettbruk, sovna eg att. Er elendig med det samme eg er oppe, men kjem meg litt etter kvar. I dag hugsa eg å hente inn ved mens det var lyst, har fyrt i omnen og hatt det varmt og godt. Har vaska eit par maskiner med klede, men elles ikkje gjort stort anna ennå strikke.
Så sende eg melding for andre gong til VØR at eg ikkje har fått matavfalls-dunk og det er levering komande onsdag. Dei skulle komme med i morgon. Det er 14 dagar mellom kvar tømming, så ein må få av garde det ein har. Elles er det som vanleg rikeleg plass i dunkane mine om naboane ikkje har plass nok i sine.
Denne veka må eg prøve å komme meg til frisør, og så må eg skrive eit lite avisinnlegg. Neste veke blir det travelt. Då skal eg på røntgen tysdag, på pensjonistmøte onsdag, og så må eg skrive referat torsdag. Eg er glad for alt eg greier å gjere.
I dag har eldste guten til Mimi og Rolf (broren til Nils) fødselsdag. Han vart fødd samme året som Margrete. I dag fyller han 51 år og eg gratulerer han med dagen.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...