tirsdag, januar 15, 2019

Dagbok 2019: 15.januar



Klokka er 18.10, temperaturen har krope ned på minus 4 og det har slutta å snø. Det siste er eg fornøgd med. Det er nok snø no, og viss det skulle bli klårvêr får vi sol inn i stova om eit par dagar.
Sist natt låg eg mykje vaken og verkte, både i foten og hofta, merkeleg at eg har det verst når eg ligg i ro i ei varm seng.
Etter frokost gjorde eg ein del "kontorarbeid", skreiv referat frå møtet i går og laga ein liten epistel om komande møte, den vart send til avisa, så eg håper dei hugsar å sette den inn.
Eg likar i grunnen godt å mòke snø, men det er begrensa kva eg klarer akkurat no. Men fekk i alle fall fjerna mesteparten frå altanen. Nils sa alltid at ein måtte moke den, så ikkje vatnet tekte inn i huset når snøen smelta. Denne gongen hadde det snødd heilt inn til veggen, det plar det ikkje gjere, men det har vel vore vind. Trappa har eg ikkje fått mòka så bra, enno i alle fall. Mens eg var i farten henta eg ein sekk ved og hadde inn i kjellaren, la i omnen og la i hop ein klesvask. Tek ein med alle detaljar, kan det høyrest ut som ein har gjort mykje. Det har eg ikkje. 
Etter at eg hadde tatt meg litt mat, kom Silje og ville ha ei skriftleg erklæring på at ho hadde betalt husleige her mens ho var i praksis på Vestnes. Det fekk ho sjølvsagt.
Elles har eg i heile dag venta på at dei skulle komme med dunken til matavfall, eg har hatt kontakt me VØR to goner om den dunken og eg skulle få den i løpet av dagen i dag-men eg har ikkje sett noko.
Og slik går no dagane, kjedeleg å ikkje kunne strikke, men når ein ikkje kan sitte er det ikkje så enkelt, kan ikkje gå rundt som ein Hans Nilsen Hauge heller-kanskje ute, men ikkje inne i hus.
Lysrøret i taket har slutta å virke her på datarommet, så eg får kanskje prøve å få tatt det ned. Enn så lenge har eg sett inn ein stålampe som lyser på tastaturet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...