fredag, januar 25, 2019

Dagbok 2019: 25.januar



Klokka er 17.35, temperaturen er + 2 grader C, det har vore lettskya og fint i dag også. Har sett eit streif av sol, men det varte  ikkje lenge.
Eg hadde ei særdeles dårleg natt. La meg til vanleg tid, kl.1.00, las ei stund og sovna. Så vakna eg igjen etter 1-2 timar, og låg vaken resten av natta. Klokka 8 i dag-morgon  kjende eg at NO kunne eg få til å sove, men då stod eg opp. Eg hadde nemleg tenkt å gjere litt husarbeid i dag. 
Først shina eg opp kjøkkenet, vaska komfyr, flisar, benkar etc. Det er det eg kallar "shine". Så vaska eg badet og kjøkkengolvet. Etter ein liten pause, støvsugde eg alle teppegolva, så no ser her rimeleg stelt ut.
Til middag åt eg suppe frå i går. Den var ikkje betre i dag. Eg rippa ei bok, las i ei anna bok strikka litt etc. Så prøvde eg å slappe av i godstolen, og eg trur faktisk eg sova eit øyeblikk, så no er eg i bra form. Kjenner det både her og der at eg har vore i fysisk aktivitet, det får eg berre tole. 
I dag som på alle fredagar trur eg det er laurdag, men for ein gongs skuld hugsa eg å hente posten. Der var ein stor spennande konvolutt til meg, og eg lurte på kva som var inni. Eg lukta sjølvsagt lunta då eg såg avsendaren. Det var politisk materiale frå partiet mitt, der eg nyleg melde meg inn; ein penn og ein button var der også. Du store tid, her må eg visst belage meg på politisk aktivitet. Det var elles Nils sitt departement, men vi var i grunnen nokså samde, reint politisk også. Det er no opp til meg sjølv kor aktiv eg vil vere. Men Jan Davidsen i Pensjonistforbundet meiner at også eldre folk skal ha sitt å seie i politikken."Sleng på en gamling" oppmodar han om.

Februar blir elles ein innhaldsrik månad viss alt går etter planen. Det er årsmøte i Pensjonistlaget, og eg skal skriveårsmelding. Musikal på vidaregåande, der Amanda er med. Og så har Marit og eg meldt oss på spanskkurs. Marit har fylt 80, eg blir 79 år i mars - det er i alle fall planen. Så vi er kanskje vel optimistiske? I morgon blir det altså tur til Hareid. Og i kveld skal eg strikke ferdig ein lest eller to, mens eg ser TV.
Ønsker alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...