Klokka er 22.50, temperaturen ute er minus 3 grader C. Det har vore skya opphaldsvêr i dag også. Eg var heime på føremiddagen, las litt, strikka litt osv.
Klokka 15 kom Birte og Håkon og henta meg. Vi skulle til Hareid å feire 25-årsdagen til Håkon litt på etterskot.
På Hareid var alt på stell , som vanleg, borda dekka og maten klar.
Det var ståande buffet med salte og søte rettar. I tillegg til Solveig og Øystein, var også Einar og Audun heime, så kom besteforeldra til Birte, mor hennar og stefaren. Og så vi tre i bilen-det skulle bli 11? Men dei har god plass med stort kjøkken og to stover. Det vart ei koseleg stund med mat og prat. Og til slutt såg vi "Alle mot 1", der programleiaren har vore elev både hos Solveig og Øystein. Håkon og Birte køyrde meg heim. Takk for ein hyggeleg dag, og for skyss fram og tilbake.
Margrete &Co har vore på Eid i dag og fått scanna bilde hos bror min. Det er ikkje så mange bilde frå min barndom, men eg hugsar at Svein og eg var til fotograf ein gong. Ikkje det beste bildet eg har sett. Ser ut til at vi var prega av "stundens alvor". Etter alderen vår å dømme, må det ha vore under krigen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 3.november
Klokka er no 20.00, temperaturen ute på trappa er +4 graderC, eg veit ikkje om det har regna for eg har knapt vore ute for ei dør i dag-og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar